tirsdag 28. januar 2014

Sov godt & drøm søtt

 
 
 
Eg er rett og slett forelska i denne nye kroken i heimen vår.
Den vart akkurat slik eg hadde håpt.






 
Eg ville så gjerne ha ei lita vugge til lille jenta vår i stova, men det fantes ingen i familien.
Så rundt juletider begynte leitinga etter den perfekte vugga på finn.no.
Og rett over nyttår, fant eg den eg ville ha!
 Og jammen santen holdt eigaren til på Nattland her i Bergen. 
Vugga var i lakka furu- ikkje heilt den stilen eg vil ha.
Men med litt DIY vart den perfekt.
 
Vi har pussa ned vugga med sandpapir, grunna den, og malt den med 2 strøk jotun sens.
Dei fine orda på vugga er fra www.sofiesvilla.no, der leverer dei kjapt og varene kjem innpakka i silkepapir med ei lite hjerteklistremerke på. Ekstra koselig å opne pakkane når det ser så lekkert ut ♥
Den rosa elefanten er kjøpt på butikken Pinocchio her i Bergen. Der har dei utrule mykje fint, og eg skal innom å kjøpe ei søt maileg kanin når den kjem inn igjen fra leverandøren.
Det nydelige teppet er det mamma som har laga  ♥
 
Alt i alt kunne eg ikkje vært meir fornøgd, og eg er sikker på at lillemor vil stortrives i vugga si! ♥
 
Ha ein fin tirsdagskveld videre alle sammen!
Kvelden her skal nytes med ein fersk kanelbolle på sofaen
 mens frøkna romsterer rundt i magehuset sitt ♥
 
 
Torill

 

 

tirsdag 21. januar 2014

Velkommen!

Hei, og velkommen til Lille hjerterom.

Eg er ei 25 år gammal sognejente, busatt i Bergen.
Her bur eg med min kjære mann i ein passelig stor leiligheit på 74kvm i 8.etasje.
I begynnelsen av mai venter vi vårt første barn, og vi gleder oss veldig.
Eg er no godt i gang med innkjøp av klær og utstyr til den lille, og planleggingen av barnerommet har lenge vært ferdig i hovudet mitt :)

Graviditeten, barneklær, utstyr og barnerommet er sjølvsagt tema eg vil skrive om her på bloggen.
Ellers vil eg også skrive om mine andre interesser: baking, interiør og kvardagslivet :)


Torill