torsdag 24. april 2014

New in

I dag var eg på trening i byen (gjere øvelsa i regi av fysioterapeuten min ilag med ei gruppe gravide som har bekkenløsning), og jammen rakk eg å shoppe litt til både mor og datter før timen.

Eg har som sagt store problem med å ikkje handle klær til vesla, og i dag fant eg så utrule mykje fint på Name it på Telegrafen.
Kjøpte ikkje alt (men kunne lett ha kjøpt halve babyavdelingen!!), men eit fint antrekk for sommaren og to pyjamaser fekk være med heim.
Fekk også kjøpt litt hårprodukt til ho mor.

Vil de sjå? :)






 Over: 
Kjøpte to kjempesøte pyjamaser i str.62 og 68. 
Eg vil gjerne ha pyjamas med fot, og det er så vanskelig å finne.  Så da kjøpte eg like greit to når eg først fant ein eg likte :)




Over: 
Har de sett noke så skjønt?  ♡
Eg smelta av å sjå for meg ei lita tulle med lue, body og bukse med blondekant :)
Veldig lett og fint til ein sommardag.



Over:
Litt til mor. 
Balsam fra redken (Nikita har 25% rabatt på ein rekke produkt fra redken), og hårbørste fra Tangle Teezer. Har høyrt så mykje bra om denne, så måtte teste den! :)



Ha ein fin kveld videre alle sammen! :)






T.




tirsdag 22. april 2014

Gravid veke 38


  Nok ei veke er over.
Håper alle har hatt ei fantastisk fin påske!
Me har holdt oss i Bergen.
Føler det er tryggast å være nærme sjukehuset så nærme termin.
Det er to veker igjen, og fødselen kan starte når som helst! Her får de ei lita oppdatering:


♥ Termin:
06.05.2014

♥ Stjernetegn:
Tyren

♥ På veg:
38+3

♥ Antatt lengde på babyen:
48 cm. CRL = 34 cm

♥ Antatt vekt på babyen:
 3200 gram

♥ Kjønn:
jente

♥ Navn:
 Vi har 2 store favoritter, og eit par navn i reserve :)
Er jo også mulig at ingen av desse navna "passer".

♥ Aktivitet i magen:
 Ein aktiv baby, det er det ikkje tvil om :)
Merker godt at ho begynner å få det trangt.
Det er ikkje så masse spark lenger, meir bukting, dytting og litt glidende bevegelsar.

♥ Hodet festet:
 Var på kontroll hos jordmor i dag.
Vesla har lagt seg godt ned i bekkenet, og hodet har festa seg! :)

♥ Innkjøp fra sist veke: 
Har kjøpt heile 5 tights i forskjellige varianter og størrelser, ei alpe lue, 1 genser og 1 bamse.
Slik går det når ein finner så mykje på salg :) 

♥ Plager:
Bekkenløsning, som vanlig.
Har også ein del stikninger og murring nedentil,
så kroppen er nok godt i gang med å forberede seg til fødsel.
Har ellers fått vann i kroppen.
Skal ikkje klage over det,siden eg ikkje har hatt noko problem med det tidlegare i svangerskapet.

♥ Søvn:
 Sover dårlig. På do 2-3 ganger, og sliter med å få sove igjen når eg først har våkna.
Drømmer om både baby og fødsel.


♥ Kynnere:
Har hatt mykje meir kynnarar den siste tiden.
Fasinerande å sjå kor hard magen blir når eg har kynnara.  

♥ Neste kontroll:
  Neste kontroll er hos fastlegen i veke 40.
Dagen før termin.
Da vil det bli bestilt overtidskontroll på KK så sant eg ikkje har født innen den tid.


♥ Sjukehusbag:
Sjukehusbagen min, sekken til Rune og stelleveska til lillemor står klare på barnerommet.
Har skrevet ønskebrev som jordmora skal få når me kjem på KK, og har laga ei liste over alt som skal gjerast og pakkast før me reiser til føden når fødselen er i gang.

♥ Cravings / matlyst:
 Meget mulig det skyldast det fine været og varmen, men is er ein stor favoritt!
Er ellers veldig tørst for tiden, og har vannflaska med over alt :)


Her har de eit par bilde av høggravide meg og kulemagen, 38 veker på veg:






T.



mandag 21. april 2014

Made with love ♡


Eg, som ikkje har laga noko som involverer garn siden kunst og håndverk timen på ungdomsskulen, som ikkje har tålmodigheit til å lage ein gryteklut, og som aldri før har hekla noko,- har på 6 (!) dagar hekla eit teppe til vesle jenta mi ♡

Da må det vel være lov til å skryte litt av seg sjølv?

Rundt tiden eg fant ut at eg var gravid fekk eg lyst til å lage noko til lille.
Men å strikke ligger rett og slett ikkje for meg.  Ikkje blir det beint, og ikkje har eg tålmodigheit til det.
Så eg tenkte at hekling kanskje var noko for meg.
Mi kjære Ninni tok jobben med å lære meg, men etter å ha hekla sånn ca. 5 lapper dabba interessen.
Vi visste jo ikkje kjønnet til babyen på den tida, og eg ville gjerne lage noko med litt farge.
Så da la eg heile greia på hylla.
Men sist veke fekk eg det for meg at no skulle det heklast, og eg skulle klare å hekle eit teppe til lillemor før ho vart født! Så da tok eg turen innom ein sy/strikke butikk på oasen, og hamstra garn.
Og i går, etter å ha brukt 6 dagar, var teppet ferdig :)
Og eg har gjort alt heilt aleine!
 *stolt*
Teppet er ca. Vognstørrelse, og vil nok gjere seg godt både som vognteppe og som teppe ho kan ha over seg når ho sover søtt i vogga eller i babynestet sitt :)






Vart det ikkje fint? ♡
De som har peiling vil nok finne mange feil, og den kanten rundt er laga litt sånn på min eigen måte for eg skjønte ikkje oppskrifta.
Men det at eg har klart å lage noko til lille jenta mi heilt på eigen hand gjer det heilt perfekt for meg ♡

T.


torsdag 17. april 2014

Sjukehusbagen


Da er endelig den mykje omtalte sjukehusbagen ferdig pakka. Eller- egentleg så er det 3 deler. 

Eg veit det ser mykje ut, men sekken og stelleveska er ikkje så store. Og her er det tross alt klær og utstyr for 2 voksne og 1 baby for minst 2 dagar.



Etter å ha lest på forskjellige blogger, i ulike magasin og høyrt på råd fra jordmor har eg pakka dette i min sjukehusbag:


♡ Sokker til mor og datter (sparkjøp), mest fordi det var så søtt ♡
♡2 ankelsokker og 2 truser
♡ 1 hettegenser (cubus)
♡1  amme t-skjorte og 1 singlet (H&M)
♡ 1 aladdin bukse (cubus)

Har også lagt fram klær som eg vil ha på meg når vi reiser til sjukehuset.  Dette er klær som eg også vil kunne bruke på barsel:
♡1 aladdin bukse
♡1 mamma t-skjorte
♡1 cardigan som dekker rumpa
 (greit å skjule ei potensiell bleie rumpe)



♡ Amme-bh (www.mammatrend.no)
♡ Ammeinnlegg i bambusviskose fra Lilleba (www.mammatrend.no)
♡ Ammeinnlegg fra ull-rik (Vitus apotek). 
Her kan du legge eingangs innlegg inni, noko som er greit viss ein lekker mykje. 
♡ Ammesalve (lykkelig som liten)
♡ Amme-bh (lindex)



♡ Notatbok
♡ Bind og toalett papir
(mulig eg dropper bind siden eg veit at dei har på KK).
♡ Håndkrem, lepsyl og ansiktskremen min.
Det er ofte tørr luft på sjukehusa, og da er håndkrem og spesielt lepsyl kjekt å ha. Ansiktskremen min MÅ eg også ha med, greit å ha den på ein bitte liten boks i stedet for å ta med heile krukka! 
♡ Shampoo, balsam, dusjsåpe og bodylotion. 
Alt oppbevart på geniale små flasker i ei lita toalettmappe (Vita).

Ellers har eg pakka ned sminkefjerner, tannkost, tannkrem, og hårstrikker.



I tillegg til dette har Rune ein eigen sekk. 
Her ligger mat/drikke/kjapp energi som de ser på bildet over.
Har også lagt eit fullada kamera klar i sekken.
Han har óg med seg 2 t-skjorter, joggebukse, undertøy, tannkost og deo.
Vi håper på å få familerom, så da er det greit for Rune å ha med seg klesskift.

Vi har også pakka stelleveska til lillemor:
♡ 3 bodyer
♡ 2 sparkebukser
♡ 1 strømpebukse
♡ 2 sokker 
♡ 1 tynn lue
♡ 1 helseteppe 
♡ 1 bamse
♡ Hentesett kjem fra mormor over påske,  og pakkes da ned i stelleveska.

Eg veit at sjukehuset har alt vi trenger, men eg vil gjerne at vesla skal ha på seg sine eigne klær :)


I siste liten kjem eg til å ta med meg:
♡ Sminke
♡ Hårbørste
♡ Deodurant
♡ masasjeolje 
♡ kaldt vann
♡ Muligens ein liten matpakke
♡ Tablet og ladere til den og mobiltelefonane. 


Mangler eg noke? Bør eg droppe noke?
Tips mottas med takk :)


T.




tirsdag 15. april 2014

Gravid veke 37

3 veke igjen til termin.
Hurra!
 
♥ Termin:
06.05.2014

♥ Stjernetegn:
Tyren

♥ På veg:
37+3

♥ Antatt lengde på babyen:
46 cm. CRL = 33 cm

♥ Antatt vekt på babyen:
2950 gram

♥ Kjønn:
jente

♥ Navn:
Har 2-3 favorittnavn :)
Ingenting blir uansett bestemt før me har helst på lillemor.

♥ Aktivitet i magen:
 Fortsatt ei aktiv lita frøken. Spesielt på kveldstid :)
 Merker litt forskjell på bevegelsane hennas. Ho begynna nok å få dårle med plass etter kvart,

♥ Hodet festet:
 Knøttet har lagt seg godt til rette nede i bekkenet, men har ikkje festa seg enda så vidt eg veit.

♥ Innkjøp fra sist veke: 
Har kjøpt ein body, ein kjole og ein liten jakke/bolero til lillemor.
Har også fått bestilt insektsnett, så da burde alt av utstyr være på plass.

♥ Plager:
Bekkenløsningen er som før. Vondt å stå og gå over lengre tid.
 Har periodar med halsbrann, men det merker eg stort sett kun om natta.

♥ Søvn:
Vrir meg mykje, og våkner fleire ganger om natta.
 På do 2-3 ganger.
Har også drømt ein del baby drømmer i det siste :)
 
 
♥ Kynnere:
Har hatt mykje meir kynnarar den siste tiden.
Tidligare kom det kun når eg sto/gjekk, men no får eg det når eg ligger og sitter også.
Så no er nok kroppen i gang med å gjere seg klar til fødsel :)

♥ Neste kontroll:
  Neste kontroll er i veke 38, altså i neste veke.
 
 
♥ Sjukehusbag:
Bagen står klar på soverommet.
 Har bestilt meg ein fresh amme-bh, og ammeinnlegg på nett.
Har også pakka stellebagen med klær til lillemor.

♥ Cravings / matlyst:
Vil ikkje kalle det cravings, men is smakar vannvittig godt om dagen :)

Så da er de oppdatert :)







T.

søndag 13. april 2014

Produkter for en blivende mamma

Butikkane bugner over av produkter for gravide som skal hjelpe mot både det eine og det andre.
Eg hadde ingen plana om å kjøpe noko som helst, men har allikevel fylt skuffen med nye favoritt produkter, både for gravide og ikkje-gravide.

Her kan de lese litt om dei ulike produkta som eg har vært meir eller mindre avhengig av dei siste månedane:




MAMA BEE BELLY BUTTER♡
Eg er ikkje ei av dei som er livredd for å få strekkmerker under graviditeten, da eg ser på dette som naturlig og ein liten pris å betale for premien ein får. Men huden min har hatt behov for meir fuktigheit dei siste månedane, og ein av dei to kremane eg har kjøpt, har vært denne fra Burts Bees, som i tillegg til å tilføre masse fuktigheit, også skal hjelpe mot strekkmerker.
Absolutt ein favoritt, og no 3 veker før termin er boksen tom. Denne har eg brukt etter dusjing/ved behov.
Og korleis har det gått med strekkmerkene?
Vel, eg hadde jo litt strekkmerker fra puberteten og tidligare vektøkning. Men eg har ikkje fått fleire/tydlegare strekkmerker so langt i svangerskapet, og er jo veldig fornøgd med det.
Om det skyldast kremen veit eg jo ikkje, men eg anbefaler den uansett, om ikkje anna som ei parfymefri kilde til fuktigheit♡



LYKKELIG SOM LITEN, AMMESALVE♡
Rundt veke 30 fekk eg ein voldsom kløe på brystvortene og puppane. Det kunne holde meg våken om natta, og  eg har fått veldig tørr hud i området rundt brystvortene.

Tidlig i svangerskapet bestilte eg ammesalve fra Lykkelig som liten. Denne skal hjelpe mot/forebygge brystbetennelse, som ein kan få når ein ammer.
Eg prøvde ut denne salven mot den intense kløen eg har hatt, det kunne jo ikkje skade da den er 100% naturlig.
Og også denne lille boksen er så godt som tom no 3 veker før termin, og ein ny boks har allerede komt på plass. Den har hjulpet veldig mot både kløe og tørrheit, og eg bruker den etter å ha dusja, og når eg kjenner at det begynner å klø.
Synd at boksen er så liten, men det er heldigvis ikkje så mykje som skal til for å lindre.
Anbefaler denne til alle gravide,  får du ikkje bruk for den under graviditeten, så kjem den nok til nytte når du skal amme.


NEUTRAL DUSJSÅPE:
Eg fekk som sagt veldig kløe på puppane, men har også hatt kløe på magen.
Veldig intenst og ubehagelig.
Lurte på om det kunne skyldast parfymerte produkt, og kutta ut alt med parfyme i ein periode.
Fekk vite av jordmor at det sannsynligvis skyldast at huden forandra seg/strakk seg, og hormonelle forandringar i kroppen.
Eg har etter det veksla litt i valg av produkt,  men har stort sett brukt neutral/mild såpe når eg har dusja.
Det skadar jo ikkje å være ekstra forsiktig med parfyme med ein liten i magen ♡


A-DERMA KREM♡
På grunn av den intense kløen på magen/puppane oppsøkte eg apoteket og spørte om råd.
Eg ville ikkje kjøpe kortison eller kremer med andre legemidler i, og var litt i tvil om det fantes noko for gravide kløande meg.
Eg fekk anbefalt denne fra A-derma.
Den er 100% naturlig, og inneholder havre som er naturlig beroligande og irritasjonsdempande.
Har veksla mellom denne og den fra Burts Bees, og den funker greit- litt kløe har det blitt uansett.
Den er veldig feit,  og bruker litt tid på å trekke inn i huda.


BABY FOOT FOTKREM♡
Min kjære har skjemt meg bort med massasje undervegs i svangerskapet, noko eg setter meir og meir pris på etter kvart som magen vokser.
Denne hadde eg i skuffen fra før, og funker like bra no.


WELEDA ARNICA MASSASJE OLJE♡
Min kjære har også vært flink å massere ryggen min. Veldig deilig ♡
Denne oljen skal virke avslappande,  og varmende.
Den anbefales brukt før og etter fysisk aktivitet for å holde musklane varme og fleksible.
Den lukter godt,  og er dryg i bruk.

Anbefaler alle gravide å få massasje av sin kjære, det er også lurt å finne ut av kva som er godt og ikkje før fødselen.
Massasje skal jo være godt og kan være smertelindrende i starten av fødselen, og ein fin muligheit for den blivende far å hjelpe til.
Denne blir uten tvil med i sjukehusbagen, så får me sjå om den kjem til nytte eller ikkje♡



WELEDA FØDSELSFORBEREDENDE OLJE♡
Denne leste eg om for lenge sia, og bestemte meg for å teste den ut.
Det er ein olje som du fra og med veke 34 i svangerskapet skal massere inn i området mellom skjeden og endetarmen i 5-10 min 3-4 ganger i veka.
Den skal gjere huden smidig og elastisk, og har vist seg å forebygge/redusere sjansen for rifter under fødselen.
Eg veit jo ikkje om denne funker, men tar meg tid til å bruke den alikevel.
Viss eg kan slippe unna/få mindre rifter så tenker eg at det er gull verdt!





Nokon der ute som har erfaring med desse produkta,  eller som vil anbefale noko anna? :)
Tips mottas med takk ♡


T.

lørdag 12. april 2014

DIY dekor til barnerommet

Det er så utrulig mykje fint å kjøpe til barnerommet.
Men mykje av det er dyrt. Og sjølv om eg har kjøpt eit par litt dyrare gjenstander, så er det ikkje vits i å tømme lommeboka heilt når det også finnes så mykje fint som er litt billigare.

Eg bestemte meg for å kjøpe litt pyntegjenstander/dekor som eg kunne sette mitt eige preg på, og som på denne måten vil få samme farge som mykje anna på rommet.

Så etter ein runde på panduro, søstrene grene og ein hobbybutikk på vestkanten hadde eg kjøpt inn 3 trefigurer, 1 ballerina, 1 ugle-sparebørse og 2 forskjellige farger i hobbylakk.
Desse fargane går som sagt igjen både i gyngehesten og babygymmen, og gir dermed rommet litt meir heilheit.

Her ser de trefigurane før eg malte dei. Dei er kjøpt på panduro,  og koster 39 kroner per stk.



Her ser de ballerinaen før den vart malt. Den er kjøpt på Søstrene Grene. Hugsar ikkje prisen, men det var neppe meir enn 30-40 kroner.




Bilde av ugla (som er ei sparebøsse) før den vart malt har eg desverre ikkje bilde av.
Men her ser de resultatet:






Kor i rommet dei har fått plass skal de få sjå i eit eige innlegg :)

Vart det ikkje søtt? ♡


fredag 11. april 2014

Fra mor til datter

Rundt juletider tok mamma turen opp på loftet heime i Sogndal, og henta ned to kasser med babyklær som eg brukte når eg var liten.
Kjempekoselig å sjå tilbake på,  og så fekk eg plukke med meg det eg vil at vesla skal arve.
Mange av klærna har holdt seg like fine, og er egentlig godt som nytt 26 år seinare!

Så her får de sjå eit lite utvalg av klær som eg brukte for 25-26 år siden, og som mi datter no snart skal få bruke ♡







Tenk så koselig♡

torsdag 10. april 2014

Ein gammal skjønnheit

Noko av det første eg gjorde etter å ha fortalt pappa at han skulle bli morfar, var å spørre om eg kunne få arve gyngehesten og pussen den opp.
Når vi var små hadde vi nemlig ein kjempefin gyngehest, som besten laga til pappa når han var liten.
Gyngehesten er derfor rundt 55 år gammal, og er brukt av pappa, sannsynligvis tanta og onkelen min, av meg og min lillebror- og skal no tas i bruk av 3. generasjon.
Tenk så koselig å ha ein gammal gyngehest som oldefaren til lillemor har laga, og som så mange har brukt før ho.

Gyngehesten er godt brukt, og hadde behov for litt omsorg etter å ha stått på loftet i mange år.
Ein ser at den er gammal, og at den har gjennomgått fleire runder med maling (ein gang for kvar generasjon), men det er vel litt av sjarmen med den tenker eg :)

Så nå har Rune pussa og grunna den, og eg har malt den.
Som gravid skal ein jo være veldig forsiktig med slikt, så pussestøv og gass fra grunning holder eg meg unna. Med maling fra Jotun Sens føler eg det er trygt, og at eg kan gjere jobben sjølv, så sant eg står utendørs med frisk luft rundt meg.

No er gyngeshesten ferdig, og eg er kjempefornøgd med resultatet!
Ho kan jo ikkje bruke den enda, men er veldig koselig å ha den klar på rommet hennas :)


Før:





Etter:







 
 
Gyngehesten er som sagt pussa og grunna, før eg har malt to strøk i vanlig kvit base fra Jotun Sens.
"Underlaget" har fått to strøk med maling fra Jotun Sens i fargen Jungel.
Eg har også malt på litt blomster og sommerfugler i ein lys rosa farge. Her har eg brukt hobbylakk fra Panduro. Denne fargen går igjen på i babygymen og i diverse leiker/figurer på rommet til lillemor. Skal vise bilder av dette seinare.
 
 
Kva tykkjer de?
Eg er iallfall veldig fornøgd, og trur at vesla skal kose seg med denne når ho har blitt litt større♥



onsdag 9. april 2014

Gravid veke 36

♥ Termin:
06.05.2014

♥ Stjernetegn:
Tyren

♥ På veg:
36+4

♥ Antatt lengde på babyen:
44 cm. CRL = 32 cm

♥ Antatt vekt på babyen:
2700 gram

♥ Kjønn:
jente

♥ Navn:
Har 2-3 favorittnavn, og diskuterer fram og tilbake mellom desse.
Ingenting blir uansett bestemt før me har helst på lillemor.

♥ Aktivitet i magen:
Mykje aktivitet. Spesielt på kveldstid :)
Deilig og rart å kjenne eit lite menneske bevege seg inni meg..
Trur nok eg vil savne det om nokre veker!

♥ Hodet festet:
Har no vært på kontroll, og knøttet har lagt seg godt til rette nede i bekkenet,
men har ikkje festa seg enda.

♥ Innkjøp fra sist veke:
Kjeme stadig over så mykje fint i butikkane, og denne veka har ikkje vært noko unntak!
Har kjøpt 2 bomullsjakker, 1 gensar, 1 thights og 1 body.
Har også kjøpt litt sengetøy, 1 søt bamse til å henge over tripp trapp stolen, bilspeil og gymmatte.
Gymmatte har eg fått anbefalt både av fysioterapeuten min og av venner, men har avventa litt siden det er så dyrt- den eg ville ha kosta 700-800 kr.
Men denne veka hadde babycare den på salg til 399, og da var saken grei :)

♥ Plager:
Bekkenløsningen er som før. Vondt å stå og gå over lengre tid.
Har også periodar med sinnsjuk kløe på magen og puppane.
Dette er normalt, og skyldast at huden strekker seg, og hormonforandringar.
Har også periodar med halsbrann, men det merker eg stort sett kun om natta.

♥ Søvn:
Sover litt bedre enn sist veke. Kanskje eg har blitt vandt til å ikkje finne ein god stilling? :p
Vrir meg mykje, og våkner fleire ganger om natta.
Blir da liggande våken ei stund, og ligger ofte å kjenner etter spark fra lille.
På do 2-3 ganger om natta.
Har også drømt ein del baby drømmer i det siste :)
 
♥ Kynnere:
Har hatt mykje meir kynnarar den siste tiden.
Tidligare kom det kun når eg sto/gjekk, men no får eg det når eg ligger og sitter også.
Så no er nok kroppen i gang med å gjere seg klar til fødsel :)

♥ Neste kontroll:
Var på kontroll mandag og tirsdag denne veka. Alt står bra til med lille jenta vår.
Vi var også på fødselsforberedande kurs på mandag.
Rune fekk nok mest utbytte av dette, da eg følte at eg kunne/har lest meg fram til det meste som vart tatt opp fra før av.
Men det var koselig å helse på andre gravide fra Fyllingsdalen.
Vi er 3 stk som har termin i slutten av april/begynnelsen av mai.
Og så var det veldig mange med termin i slutten av mai/begynnelsen av juni.

Neste kontroll er i veke 38.


♥ Sjukehusbag:
Bagen står klar på soverommet, men det mangler nokre få ting enda.
Har kjøpt ammeinnlegg og litt snacks til å ha med på sjukehuset siden sist.
Har også pakka stellebagen med klær til lillemor.

♥ Cravings / matlyst:
IS!
Need I say more?


Har ikkje tatt noken magebilder denne veka, men her kjem litt bilder av dei siste innkjøpa:




Over: Genser/tunika og thigts fra newbie serien til Kappahl i str. 62.
Under: Bamse som skal henge over tripp trapp stolen.




Over: Gymatte. Valget falt sjølvsagt på rosa :)
Under: Speil til å ha i bilen så Rune kan sjå vesla når ho sitter bakovervendt.



Over: rosa jakke i str.56
Under: nydelig blå jakke i str. 62



No skal eg ut og prøve å få planta litt blomster på verandaen. Må ta tiden til hjelp med bekkenløsning og stor mage, så godt eg har heile dagen på meg :)

Ha ein fin dag videre!