tirsdag 15. juli 2014

Sogndal

Sist veke hadde me besøk av mamma. Ho kom for å kose seg med Leah, og for å hjelpe oss med å gjere leiligheiten klar for salg
Veit ikkje kva eg skulle ha gjort uten ho altså!
Ho har rydda, vaska, laga mat og passa Leah slik at eg har fått rydda og ordna litt óg.

Torsdagen reiste me alle heim til Sogndal for ei langhelg. Der kosa me oss med familien både i Sogndal og på Hafslo, shoppa litt og feira bursdag.
På søndag hadde eg nemlig min første bursdag som mamma ♡

Leah har virkelig forandra seg siden sist me var heime. No er ho mykje meir våken og nysgjerrig, og ho "prater" og sjarmerer dei ho møter ♡
Når me reiste fra Sogndal i går trur eg at både eg og Rune kjente at det er rett for oss å skulle flytte heim om ein måneds tid.

Eg gleder meg til høsten heime i Sogndal ♡




Over:
 Vakre Sogndal sett fra den nye gata vår på Stedje

Under:
Vakre Hafslo sett fra veranden til svigers



Over:
Leah kosa seg på fanget til besten ♡

Under:
Sovna i armane til onkelen sin ♡


Over:
Godjenta vår. Blid og fornøgd på stellerommet på Voss i går kveld ♡


Håpa alle får ein fin dag!
Eg skal prøve å få rydde ut ein del av leiligheiten  iløpet av dagen. 
Takstmann og fotograf kjem i løpet av veka, og da må jo alt være på stell.


T.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡