onsdag 29. oktober 2014

Drømmebad


NYTT BAD!

Det einaste rommet i leiligheiten vår som eg følte me virkelig måtte gjere noko med i nærmaste framtid etter innflytting, var badet.
Badet var 17 år gammalt, blått, fælt og utdatert.

Så i begynnelsen av september flytta me ut av leiligheiten og inn på kjørnes mens håndtverkarar, røyrleggar og elektrikar gjorde om badet vårt.

Me var litt i stuss på om me skulle velge heilflisa eller kun flis på golvet, og våtromsplater på veggane. Me endte opp med heilflisa.
Når me først skulle pusse opp badet og hadde økonomi til det så endte me opp med heilflisa.
Me var også i stuss på om me skulle ha badekar eller dusj. Badet hadde blitt veldig trangt med begge deler, og me ville ikkje kun ha badekar.
Me hadde begge veldig lyst på "regnskog-dusj" som eg kaller det (veit ikkje heilt kva det eigentleg heiter?), og gjekk for det.
Me var også usikre på om me skulle ha skyvedør foran vaskemaskina og varmtvannsberederen eller ikkje.  Me konkluderte med at badet ville virke mindre med skyvedør, og lot det være.

Flisene fant me på kaupanger,  og hadde i grunn litt flaks. Dei hadde alt på lager, bortsett fra flisene til dusjen. Eg ville nemlig ha mindre størrelse på flisene i dusjen, og desse måtte spesial bestillast frå Italia, og ville ha tatt 3-4 veker å få.
Det funka ikkje heilt når me reiste for å bestille flisene kun eit par dagar før håndverkarane kom, men me klarte heldigvis å få tak i nok fra butikken i Førde, som mot formodning hadde dei på lager.
Burde kanskje tenkt på at slikt er bestillingsvare, men er jo første gangen me pussar opp eit bad, og tenkte ikkje så langt.

Håndtverkarane jobba omtrent døgnet rundt, og med kun nokre få problem på vegen var badet ferdig oppussa i midten av september.

No har me eit flunkende nytt bad, med rør-i-rør, nye varmekablar, ny varmtvannsbereder, spotter i tak, fliser osv.
Vårt drømmebad! (Sett bort i frå at eg mangler badekar). Me er utruleg godt fornøgde!!
Me er også utruleg fornøgde med alle håndtverkarane som jobba her, så viss noken vil ha tips om flinke og kjappe folk er det berre å spørre.

Beklager dårlig bilde, måtte ta bilde av prospektet med mobilen, men her ser de altså korleis badet såg ut når me flytta inn:


Belegg på golvet, plater på veggane, gammal innredning og badekar.

Under ser de bilder av det nye badet vårt ♡













Fint? ♡

Her er mannen akkurat komt heim fra jobb tur i Oslo. Liker ikkje å være aleine, så var godt å få han heim ♡
Han hadde kjøpt med heim ein nydelig kjole til Leah, skal vise den og mykje anna nytt ein anna dag.
Ha ein finfin kveld videre!

T.

1 kommentar:

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡