fredag 14. november 2014

Bergen


På søndag pakka me bilen og satte kursen mot Bergen.
Rune skulle hjelpa til på Ark butikken på det splitter nye senteret Horisont i Åsane, og eg og Leah vart med for å kose oss, møte "gamle kjente" og for å handle julegaver.

Når me nærma oss Åsane snakka me om at det føltes ut som at me hadde vært på ein kjempelang ferie, og no var me på veg heim.
Bergen vil for alltid være vår 2. Heim, og eg har ikkje ord for kor kjekt og godt det var å besøke Bergen og møte vennene våres igjen.

Me har kosa oss glugg, både eg og Leah.
Rune har jo for det meste jobba, men eg trur han kosa seg óg.

Eg har besøkt jobben min, møtt venninner og er nesten (!) ferdig med all julehandelen.
Eg har som mål å være ferdig med alle julegaver innen 1.desember  slik at eg kan nyte førjulstida med Leah , så eg er meget fornøgd med alle innkjøpa eg fekk gjort i Bergen.

Me kom heim i går ettermiddag,  så det er eit einaste kaos av kofferter og bæreposer her.
Tar litt tid å få alt på plass igjen med ei lita frøken som er uenig i at utpakking er første prioritet.
Men så er jo ikkje eg så effektiv når det kjem til utpakking heller akkurat, så bør vel skylde mest på meg sjølv.

Her kjem litt bilder fra herlige dagar i Bergen:


Over og under:
Leah kosa seg hos "tante" Ninni ♡




Over og under : 
Sjølfies og snapchat høyre med!



Over:
 Leah med "tante" Marte og Ninni ♡
Under:
Vakre vakre Bergen ♡


Under:
Tuppen og lillemor på veg til ikea, mens lillemor Leah e heime med pappa.




Ha ein fin fredagskveld alle!

T.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡