fredag 7. november 2014

Heimelaga taco krydder



Det er fredag kveld, og det betyr fredagstaco for mange.
Taco står ikkje på menyen kvar fredag her i huset, men i kveld blir det taco, netflix og rumpa godt planta i sofaen.

Og når ein skal diske opp med taco, kvifor ikkje lage sitt eige tacokrydder?
Det smakar bedre, og er meir økonomisk enn å kjøpe ferdig kryddermix på butikken.

Du trenge:

3 ss chilipulver
2 ss spisskummen
3 ta oregano
1,5 ts kvitløkspulver
2 ss paprikapulver
2 ss havsalt
2 ts kverna pepper

Bland alt godt, og strø det over kjøttdeigen før du blander inn ca. 1,5 dl vann.

Etter å ha prøvd denne miksen dobla eg oppskrifta fleire ganger til eg var tom for chilipulver og paprikapulver, og hadde det over på ei krukke.
Det blir nok ikkje kjøpt ferdig kryddermix med det første her i huset, for no har eg krydder langt fram i tid.





Ha ein fortsatt fin fredagskveld!

T.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡