onsdag 31. desember 2014

2014 i bilder

Så var den siste dagen i 2014 her, og eit veldig spesielt år er ved vegs ende.
I år har me kjøpt oss vår første bil ilag.
Me har fått verdens finaste gave, og har vært så heldige å få bli foreldre for første gang til ei nydelig lita jente.
Me har solgt leiligheiten vår i Bergen, og tok (om enn litt vemodig) med oss flyttelasset heim til Sogndal der me har kjøpt oss leiligheit.
Rune har fått seg ny jobb.
Eg er så vidt i gang med jobbsøking, men er heldig og skal få være heime med skatten vår i litt fleire månader før pappaen skal overta.
Og me har også opplevd alvorlig sjukdom i den nærmaste familien.

Alt i alt eit veldig spesielt år for oss, med veldig mykje glede og nokre tunge sorger.

No ser me fram mot 2015 ,og håper på eit godt år for heile familien ♡

Eg vil få ønske alle som kikket innom her eit riktig godt nytt år!
Og som dei seier i Bergen; Takk for det gamle!
Håpar me sjåast i 2015!

Stor klem fra
Torill ♡


2014 i bilder:

Over: 
Kake på familietur til Voss, dåpen til Leah, stolt pappa på veg heim fra sjukehuset, halloween ♡

Over:
Halloween, besøkte Bergen i haust, den første trilleturen, det nye huset vårt ♡

Over:
Leah 1 døgn gammal, rommet til Leah i Sogndal, det nye badet vårt, meg ca. 6 veker før termin ♡


Over:
Stova vår i Bergen, mor & datter, meg og Leah tar ammepause i ryddekaoset før visning, dåps invitasjonen eg laga ♡

Over: 
Bygda kongen min på tur til Voss,  vesle prinsessa mi ca. 6 mnd, leiligheiten vår i Bergen, mor & datter fotograferes 14 dager etter fødselen ♡

Over:
Leah nokre timar gammal, Leah & onkel, mor og datter, familien ♡

Over:
Vesle pjuske jenta mi, Leah ein fin haustdag,  meg og Ninni på ikea tur, Leah, meg og Jonas 

Over:
Leah's rom i Bergen,  meg på tur 3 dagar før lillemor kom til verden, meg og broremann, rommet til Leah i Bergen ♡


Over:
Leah 2 dagar gammal, babyshoweren min, lillemor på trilletur, familien framfor juletreet ♡

Over: Det første bildet  av familien vår, Leah er berre 2 timar gammal ♡



tirsdag 30. desember 2014

Romjulas gave bytte

Som tittelen seie har eg fått unna litt gave bytting i romjula (les: shopping).
Dei fleste butikkane går vel i minus i desse dagar, med all byttinga av julegaver.
Vel, eg bidrar iallfall ikkje til det minuset!

Eg måtte bytte nokre gaver, dei fleste til Leah, da noko av de ho fekk var for lite.
Og i velkjent stil så fant eg mykje meir enn planlagt i butikkane.

Beklagar dårleg bilde, men her ser de litt av det eg kom heim med etter bytterunden min:

Over:
påfyll av favoritt bodyen til Leah i ull fra nameit♡
Under:
Litt nytt til mor.
Rune fekk feil farge når han kjøpte maskara til meg til jul. Rosa augenvippe blir altså ikkje å sjå på meg denne våren!


Over:
Ny pysj til leah i ull♡
Under:
Ny cardigan til mor ♡


Over:
Bytta inn flanell sengetøyet me fekk til dette i sateng ♡
Under: 
Leah måtte berre ha denne for å hedre fadderen sin som er veldig glad i mummi♡


Over:
Ny pysj. Lader batteriene ♡
Under:
Leah fekk få leiker til jul. Så da kjøpte vi denne som ho ønska seg for nokre av pengane ho fekk ♡


Over:
Ny skjønn body
Under:
Nydelig sett som blir fint når frøkna skal i barnehagen ♡


Ha ein fin kveld! 


T.

mandag 29. desember 2014

God jul ♡

Jula går sakte men sikkert mot slutten, men først skal nyttårsafta feires med så godt som heile svigerfamilien. Gleda oss!

Jula har vært veldig veldig fin så langt.
Både me og Leah har fått overveldande fine gaver, me har kost oss med god mat, familie og venner.

Julafta var me ilag med min familie heime på Kjørnes. Leah, meg, Rune, Espen, mormor, besten og oldemor.
Ein veldig koselig dag og kveld.
Eg og Leah kosa oss heime på dagen, og kokte graut mens pappa var på jobb.
Me var også ein liten tur på grava til oldefaren til Leah for å tenne lys og legge ned ein hjertekrans.
Når Rune kom fra jobb var det tid for graut, før prosjekt "bli klar for kyrkja" starta.
Me er alltid i kyrkja på julafta, men har som regel vært der på den siste gudstjenesta.  I år måtte me gå på den første, slik at Leah kunne få være med å åpne litt gaver før ho la seg
(Ho opna vel stort sett pakka gjennom heile dagen + 1.juledag).
Det tar tid å bli klar i finstasen alle mann, men me kom oss likevel ut døra i god tid.

Leah sovna fort i kyrkja, og vakna ikkje før me sang den siste julesalma.
Så bar det heim til Kjørnes. Først middag for Leah, så kaffe for oss voksne, så pakker til og fra Leah,  og så gjekk me på badet med lillemor. Ho fekk graut til kvelds som vanlig, og var i seng like før kl.19.

Me voksne åt deilig julemiddag, koste oss med dessert og slappa av før me begynte å åpne gaver i 22 tiden. Og det holdt me på med til klokka var litt over 00.30.
Eg orker ikkje noke stress med å åpne pakkane. Den største gleden er jo i grunn å sjå at dei andre åpner sine, reaksjonane osv.
Så her tar me oss good tid.
som vanlig var det overveldande mykje gaver. Alt for mykje i grunn..

Så var det tid for skjønnheitssøvnen, før Leah bestemte seg for å starte 1.juledag like før kl.07.00.
Litt vel tidlig på ein slik dag, men slik er det med små i hus. Da må ein opp og stå ♡

Avslutter med litt bilder fra jula so langt.









Håper alle har hatt ei fredelig og fin julefeiring med sine nærmaste rundt seg ♡
Kanskje rekk eg eit innlegg eller to før neste år. Me får sjå.

T.


tirsdag 16. desember 2014

Potetmjøl = gull

Som eg har nevnt før, så har det begynt å komme tegn på at Leah's  første tann snart kjem. Eit av tegna er at ho har hatt litt problem med magen sin, noko som igjen har ført til ein veldig sår stump.

Eg har lenge visst at potetmjøl kan hjelpe såre stumper, og at den sørger for å holde den tørr og god.
Ei anna mamma som nylig har hatt tannframbrudd i hus minna meg på dette trikset på julelunsjen sist mandag.



Eg hadde det derfor friskt i minne når Leah for  ei lita veka sida fekk rød og veldig sår stump.

Og eg må virkelig sei at potetmjøl er gull!
Den holder huden tørr og fin, og stumpen blir fort fin igjen.
Når ho var på det såraste brukte eg kun potetmjøl,  men no når det er bedre kombinerer eg det med bleiesalven fra Burt's Bees som eg bruka til vanlig.



Me bruka alltid kun vann (og litt olje) når me stella ho, og lar Leah ligge litt på stellebenken for å luft tørke etterpå.
Så me har så og sei aldri hatt problem med sår hud.

Der er fælt å sjå at ho er så sår at det blir vondt, og da er slike råd og tips gull verdt!

Så da veit de om det alle mødre som venta tannebissa der ute.

Ellers lar den første tanna vente på seg. Håper den kjem snart så ho slepp å være plaga ♡


T.

søndag 14. desember 2014

Nissehytta

Så lenge eg kan hugse har me i alle år hatt ein fast juletradisjon i adventstida som eg alltid har satt ekstra stor pris på.

Når det begynner å nærme seg jul, har mamma tatt fram nissehytta vår.
Dette er ei rød lita hytte, med lys, nisser, dukkemøbler og juletre i.
På taket og rundt hytta er det snø (les: vatt), og nisser, trær og snømenn over alt.

For mange er nok ikkje dette noko spesielt, og for noken er den kanskje ikkje så fin heller.
Men for meg, er den JUL.
Uten nissehytta på plass på sjenken til mamma blir det ikkje jul.
Til og med i voksen alder har det vært min jobb å pynte den og gjere alt klart.
Det er tradisjon, kanskje til og med litt barnslig, men er det ikkje nettopp det jula handler om?

Mamma har nok alltid visst at nissehytta er noko eg har hatt veldig lyst til å arve, og at det er ein tradisjon som eg har hatt lyst til å videreføre til Leah.

Nissehytta finnes kun i få eksemplar. Den er laga av onkelen til mamma, som nærmer seg 90 år. Gleden og overraskelsen var derfor veldig stor når eg fekk mi heilt eiga nissehytta til bursdagen min i sommar!
Tenk at onkelen til mamma har tatt på seg all den jobben det er med å lage ei slik hytte ein gang til.
Tenk å få gi denne videre til Leah når ho blir voksen, og sei at grandonkelen til mammaen hennas laga denne nettopp for å kunne føre nissehytte tradisjonen vidare.

De tykkjer kanskje det er rart å styre slik med ei lita "leikehytte"?
For meg er den tradisjon, jul, forventninger, glede, ventetid, barndomsminner, og alt det jula handler om.











Eg har fylt hytta med litt nytt og litt gammalt .
Det er vanskelig å oppdrive slike gamle fine dukkemøbler. Nytt er svindyrt,  og eg tykkjer uansett dei gamle møblene er mykje finare.
Ein  del har eg funne på finn.no, noko er kjøpt i leikebutikk  og noko har eg fått.

Tykkjer den er fin eg ♡


T.

lørdag 13. desember 2014

Pjusk

Me har dei siste dagane vært småsjuke med forkjølelse og feber her i huset.
På mandag hadde me kjempe koselig besøk av 5 mødre og 5 babyer, som var invitert på julelunsj hos oss.
Det var så koselig, og sjøl om Leah nok vart litt forundra over alle desse babyane som plutselig delte leikematta med ho, så trur eg ho koste seg like mykje som meg.

Mens me hadde besøk så klarte eg å sei at Leah aldri har vært sjuk, og ikkje har ho hatt feber enda!
Eg skulle jo aldri ha sagt det, for samme kveld vart me småpjuske begge to, og tirsdag fekk Leah feber for første gang.
Den var heldigvis ikkje så høg at eg gav ho paracet (tenker at så lenge den ikkje er rundt 39 og oppover, og Leah tydelig er utilpass, så kan kroppen  prøve å reparere seg sjølv) , men nok til at ho vart trøtt og slapp.
Onsdag var Leah veldig utilpass, og fekk ikkje sove om kvelden.
Me måtte for første gang ta ho med i bilen for å sjå om det kunne virke som sovemedisin, og det gjorde det.
Lille vennen sovna godt, men vakna naturligvis i det me gjekk ut av garasjen heime...
Ho var tydelig utilpass, og eg trur det heile var ein kombinasjon av feber, slappheit, og overtrøyttheit. Eg trur også det er tenner på veg, for ho putter hendene i munnen heile tiden,  småklager og har fleire andre "tannebiss-tegn".
Så med paracet og sang sovna endelig lillemor i armane mine, heilt utmatta.

Formen til Leah har gradvis blitt bedre, men ho er veldig tett i nasen stakkar, og me køyrer på med saltvann, nasesuger og heva seng.
Håpa det går over snart, er ikkje noke kjekt å høyre ho surkle slik.

Eg kjenner at min forkjølelse har begynt å sette seg i bihulene, noke den alltid gjer.
Så her tar me det rolig i dag også, og håper på at eg blir bedre til i måro. Da skal eg til frisøren! (Hurra for søndags åpent!).

Og så skal me vel være glad til for at me vart småpjuske ei lita stund før jul, og kryssa fingrane for at ikkje fleire baseluska finne vegen hit på ei god stund.





T.



torsdag 11. desember 2014

All I want for christmas

Tenkte å dela noko av det eg gjerne vil finne under treet på julafta med eit aldri så lite bilderas.



Over: 
personlig deksel til telefonen fra vistaprint ♡
Under:
Fine vinglass til jul fra dr.lykke



Over:
Duftlys fra durance
Under:
Karen Blixen julepynt fra rosendahl


Over:
Therese Johaug vott
Under:
Pynte pute fra nille


Over:
Dior hydra life Pro-youth sorbet creme 
Under:
Dior addict it-lash mascara


Over:
Alv vannglass fra wik&walsøe
Under:
Bakebolle fra clas ohlson 


Over:
Boktyven dvd
Under :
Tøfler fra shoeday


Over:
Juletre pynt fra Jette Frölich 
under:
Genser fra cubus


Over:
Eg og Rune har dilla på Hawaii five-0, og sesong 3 står på årets ønskeliste 
under:
Pyjamas fra cubus



Kva ønsker du deg til jul? 


T.