Sov godt & drøm søtt ♥
Eg er rett og slett forelska i denne nye kroken i heimen vår.
Den vart akkurat slik eg hadde håpt.
Eg ville så gjerne ha ei lita vugge til lille jenta vår i stova, men det fantes ingen i familien.
Så rundt juletider begynte leitinga etter den perfekte vugga på finn.no.
Og rett over nyttår, fant eg den eg ville ha!
Så rundt juletider begynte leitinga etter den perfekte vugga på finn.no.
Og rett over nyttår, fant eg den eg ville ha!
Og jammen santen holdt eigaren til på Nattland her i Bergen.
Vugga var i lakka furu- ikkje heilt den stilen eg vil ha.
Men med litt DIY vart den perfekt.
Men med litt DIY vart den perfekt.
Vi har pussa ned vugga med sandpapir, grunna den, og malt den med 2 strøk jotun sens.
Dei fine orda på vugga er fra www.sofiesvilla.no, der leverer dei kjapt og varene kjem innpakka i silkepapir med ei lite hjerteklistremerke på. Ekstra koselig å opne pakkane når det ser så lekkert ut ♥
Den rosa elefanten er kjøpt på butikken Pinocchio her i Bergen. Der har dei utrule mykje fint, og eg skal innom å kjøpe ei søt maileg kanin når den kjem inn igjen fra leverandøren.
Det nydelige teppet er det mamma som har laga ♥
Alt i alt kunne eg ikkje vært meir fornøgd, og eg er sikker på at lillemor vil stortrives i vugga si! ♥
Ha ein fin tirsdagskveld videre alle sammen!
Kvelden her skal nytes med ein fersk kanelbolle på sofaen
mens frøkna romsterer rundt i magehuset sitt ♥
Torill