fredag 28. februar 2014

DIY - babyalbum

 
Eg kjøpte for ei tid tilbake eit nydelig rosa album til lillemor fra den første tiden og fram til ho er 5 år.
Men eg var ikkje 100% fornøgd, for eg vil så gjerne gi ho muligheiten til å lese om tiden der ho budde i magehuset sitt, noko eg ikkje fant i nokon av albuma i butikken.

Eg bestemte meg derfor for å lage mitt eige album.
Eg kjøpte ei ganske kjedelig bok på panduro,
som etter ein runde med litt DIY vart akkurat slik eg ville ha den.
No er eg godt i gang med å fylle boka med historiar fra sommaren ho vart til, ei spent tid med graviditetstestar, ultralydar, dei første sparka osv.

Eg håpar dette er noko ho vil sette pris på i framtida ♥

Nedenfor ser de korleis boka ser ut:
 
 
 
Over: Framside
Under: Bakside
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Koseleg tidsfordriv ♥
 
 
 
Ha ein fin fredagskveld!
 
 

onsdag 19. februar 2014

Inspirasjon barnerom


Eg har lenge visst akkurat korleis barnerommet til knøttet skal sjå ut.
Men siden det kommande barnerommet egentlig er gjesterom må me få unna litt overnattingsbesøk før det er fritt fram for meg der inne.
Mange i familien lurer på kvifor eg absolutt må gjere om gjesterommet til barnerom før vesla melder sin ankomst. For meg er det noko eg MÅ gjere, og eg kan ikkje tenke meg noko kjekkare å gjere på fram mot fødselen. Så sjølv om lillemor sjølvsagt skal sove på rommet vårt den første tida, så vil eg altså at rommet hennas skal stå klart lenge før den tid :)

Siden det ikkje er klart enda tar det litt tid før det kjem bilder fra heile barnerommet.
Men i mellomtida kan de få sjå dei flotte bildene eg har funne på internett og instagram i leitinga etter inspirasjon:











Som de ser så er det også ein del gutterom her. Dette fordi eg før ultralyden i veke 19 var sikker på at det var ein gut, og ikkje ei jente der inne :)
Men inspirasjon får ein jo av desse bildene uansett farge! :)


Ha ein fin dag vidare alle sammen! 

♡♡♡