Butikkane bugner over av produkter for gravide som skal hjelpe mot både det eine og det andre.
Eg hadde ingen plana om å kjøpe noko som helst, men har allikevel fylt skuffen med nye favoritt produkter, både for gravide og ikkje-gravide.
Her kan de lese litt om dei ulike produkta som eg har vært meir eller mindre avhengig av dei siste månedane:
MAMA BEE BELLY BUTTER♡
Eg er ikkje ei av dei som er livredd for å få strekkmerker under graviditeten, da eg ser på dette som naturlig og ein liten pris å betale for premien ein får. Men huden min har hatt behov for meir fuktigheit dei siste månedane, og ein av dei to kremane eg har kjøpt, har vært denne fra Burts Bees, som i tillegg til å tilføre masse fuktigheit, også skal hjelpe mot strekkmerker.
Absolutt ein favoritt, og no 3 veker før termin er boksen tom. Denne har eg brukt etter dusjing/ved behov.
Og korleis har det gått med strekkmerkene?
Vel, eg hadde jo litt strekkmerker fra puberteten og tidligare vektøkning. Men eg har ikkje fått fleire/tydlegare strekkmerker so langt i svangerskapet, og er jo veldig fornøgd med det.
Om det skyldast kremen veit eg jo ikkje, men eg anbefaler den uansett, om ikkje anna som ei parfymefri kilde til fuktigheit♡
LYKKELIG SOM LITEN, AMMESALVE♡
Rundt veke 30 fekk eg ein voldsom kløe på brystvortene og puppane. Det kunne holde meg våken om natta, og eg har fått veldig tørr hud i området rundt brystvortene.
Tidlig i svangerskapet bestilte eg ammesalve fra Lykkelig som liten. Denne skal hjelpe mot/forebygge brystbetennelse, som ein kan få når ein ammer.
Eg prøvde ut denne salven mot den intense kløen eg har hatt, det kunne jo ikkje skade da den er 100% naturlig.
Og også denne lille boksen er så godt som tom no 3 veker før termin, og ein ny boks har allerede komt på plass. Den har hjulpet veldig mot både kløe og tørrheit, og eg bruker den etter å ha dusja, og når eg kjenner at det begynner å klø.
Synd at boksen er så liten, men det er heldigvis ikkje så mykje som skal til for å lindre.
Anbefaler denne til alle gravide, får du ikkje bruk for den under graviditeten, så kjem den nok til nytte når du skal amme.
NEUTRAL DUSJSÅPE:
Eg fekk som sagt veldig kløe på puppane, men har også hatt kløe på magen.
Veldig intenst og ubehagelig.
Lurte på om det kunne skyldast parfymerte produkt, og kutta ut alt med parfyme i ein periode.
Fekk vite av jordmor at det sannsynligvis skyldast at huden forandra seg/strakk seg, og hormonelle forandringar i kroppen.
Eg har etter det veksla litt i valg av produkt, men har stort sett brukt neutral/mild såpe når eg har dusja.
Det skadar jo ikkje å være ekstra forsiktig med parfyme med ein liten i magen ♡
A-DERMA KREM♡
På grunn av den intense kløen på magen/puppane oppsøkte eg apoteket og spørte om råd.
Eg ville ikkje kjøpe kortison eller kremer med andre legemidler i, og var litt i tvil om det fantes noko for gravide kløande meg.
Eg fekk anbefalt denne fra A-derma.
Den er 100% naturlig, og inneholder havre som er naturlig beroligande og irritasjonsdempande.
Har veksla mellom denne og den fra Burts Bees, og den funker greit- litt kløe har det blitt uansett.
Den er veldig feit, og bruker litt tid på å trekke inn i huda.
BABY FOOT FOTKREM♡
Min kjære har skjemt meg bort med massasje undervegs i svangerskapet, noko eg setter meir og meir pris på etter kvart som magen vokser.
Denne hadde eg i skuffen fra før, og funker like bra no.
WELEDA ARNICA MASSASJE OLJE♡
Min kjære har også vært flink å massere ryggen min. Veldig deilig ♡
Denne oljen skal virke avslappande, og varmende.
Den anbefales brukt før og etter fysisk aktivitet for å holde musklane varme og fleksible.
Den lukter godt, og er dryg i bruk.
Anbefaler alle gravide å få massasje av sin kjære, det er også lurt å finne ut av kva som er godt og ikkje før fødselen.
Massasje skal jo være godt og kan være smertelindrende i starten av fødselen, og ein fin muligheit for den blivende far å hjelpe til.
Denne blir uten tvil med i sjukehusbagen, så får me sjå om den kjem til nytte eller ikkje♡
WELEDA FØDSELSFORBEREDENDE OLJE♡
Denne leste eg om for lenge sia, og bestemte meg for å teste den ut.
Det er ein olje som du fra og med veke 34 i svangerskapet skal massere inn i området mellom skjeden og endetarmen i 5-10 min 3-4 ganger i veka.
Den skal gjere huden smidig og elastisk, og har vist seg å forebygge/redusere sjansen for rifter under fødselen.
Eg veit jo ikkje om denne funker, men tar meg tid til å bruke den alikevel.
Viss eg kan slippe unna/få mindre rifter så tenker eg at det er gull verdt!
Nokon der ute som har erfaring med desse produkta, eller som vil anbefale noko anna? :)
Tips mottas med takk ♡
T.