søndag 29. juni 2014

Going home

Som eg skreiv i forrige innlegg så grein eg når mamma og pappa reiste fra Bergen etter å ha vært her 1 veke.
Ein av grunnane var at eg tykte det var så fælt at Leah ikkje ville hugse dei neste gang ho såg dei, og at ho vil ha forandra seg så mykje for kvar gang dei ser ho.
Det første eg sa til Rune etter dei hadde reist var "no vil eg flytte heim".
Det har heile tiden vært planen å flytte heim til Sogndal, og me ville gjere det i løpet av permisjonstiden min.
Men plutselig fekk eg/me eit akutt ønske om å flytte heim igjen.

Så dagen etterpå (!) Søkte Rune på 2 ledige jobba heime i Sogndal. Så da var det berre å vente.
I mellom tiden var me heime i Sogndal i pinsen. Me snakka om at me ville flytte heim, men fortalte ingen at Rune faktisk hadde søkt på jobb.
I Sogndal er det vannvittig dyre boligprisar, så sjølv om me veldig gjerne vil bu i hus så er ikkje det mulig for øyeblikket..
Det var ein leiligheit til salgs, så for morro skyld kontakta me meglaren og fekk reist på visning. (Det var 2. Pinsedag, så me var heldige og fekk privat visning). Eg/me forelska oss heilt i leiligheiten, og la inn bud. Og jammen vant me budrunden!! *hurra*

Litt skummelt,  no satt me med 2 boliglån og ingen jobb i Sogndal. Heldigvis er det mangel på student boliga, så me kunne ha fått leid ut til studenta.
Rune vart kalt inn til begge intervjua, og mens den eine jobben fortsatt ikkje har tatt ein beslutning, så var Rune på 2. Gangs intervju i Oslo tidlegare i veka på den andre jobben.
Og no på fredag ringte dei og tilbydde han jobben!!
So fra 1. September e Rune ny butikksjef på Ark i Sogndal, og me flytta heim iløpet av august ♡

Detta skjedde mykje fortare enn forventa, og eg har veldig blanda følelsa for å skulle reise fra Bergen.
Me har budd her i 7 år, og har hatt det så vannvittig bra her. Eg utdanna meg her, me kjøpte vår første leiligheit her, me forlova oss her, og Leah vart født her ♡
Og så har me møtt so utrule mange flotte folk på desse 7 åra! Me kjeme til å savne alle.
Men me vil så gjerne at Leah skal få vokse opp i ei bygd, og me vil at ho skal ha familien sin i nærheiten- både for hennas, vår og deiras del.

So i august begynne flyttingen, og fra slutten av august blir me å finna i Sogndal.
Nærmare bestemt i Stedjeåsen 76!

Her kan de få sjå noken bilde av den nye heimen vår:








Her skal me nok få da fint, trur de ikkje? ♡
Me skal pusse opp badet, og eg e godt i gang med å finna inspirasjon til da og dei andre romma :D


T.


lørdag 28. juni 2014

Ein litt tøff start på mammarollen del 3

Det var utrule godt å komme heim fra sjukehuset, og det var no over ei veke siden fødsel.
Eg hadde så dårlig samvittigheit overfor Leah,og no var eg redd for at eg ikkje kunne amme ho..
For eg fekk som sagt 2 tablettkurar. Sjukepleiarane sa at eg kunne ta dei når eg amma, og det sa legen óg når eg spurte ho.
Men eg klarte ikkje heilt å slå meg til ro med det, og slo opp i felleskatalogen.
Her sto det at den eine tablett typen fint kunne brukast, men at ein ikkje skulle bruke den andre når ein amma fordi den gjekk over i morsmelka og at ein ikkje visste nok om konsekvensene/virkningane.
Eg tok kontakt med avdelinga eg var innlagt og fekk snakke med både sjukepleiar og lege som fortsatt meinte eg kunne ta kuren, og at det var denne tablett typen det var vanlig å gi ut.
No var eg veldig irritert, for eg hadde fått dette legemiddelet intravenøst,med beskjed om at eg fint kunne amme. Så Leah hadde fått dette i kroppen for lenge siden. Eg er kanskje over nervøs, men eg vil ikkje at ho skal få i seg noke ein ikkje veit konsekvensen av.
Så da sendte eg inn spørsmål til tryggmammamedisin.no,og mens eg venta på svar fra dei ringte eg til ein farmasøyt. Ho lunne bekrefte at produsenten fraråda bruk under amming, men at dette sikkert var noko dei sa for å unngå eventuelle søksmål. Men når ho slo opp hos legemiddeltilsynet sto det at ein kunne ta tabletten så lenge døgndosen ikkje var over 1,2 gram. Og min døgndose var over dette (mykje over når eg fekk intravinøst!)..
Så da vart enden på visa at eg sjølv reduserte døgndosen og forlenga antall dagar eg tok dei,slik at eg kunne amme samtidig.
Eit par dagar seinare var eg til kontroll hjå fastlegen, og han var heilt enig i det eg hadde gjort, og hadde aldri skreve ut dette legemiddelet til ei som amma.
Så mitt råd til alle gravide og ammande er å sjekke litt opp i det du får beskjed om å ta- dersom du er like over nervøs som meg da vel og merke :)

Når eg var hos legen måte vi CRPen  min, som no var komt under 100. Eg var på bedringens veg, og var litt letta når vi reiste heim.

Formen vart gradvis bedre, men eg følte fortsatt at eg sleit litt med amminga. Følte ikkje heilt at eg gjorde det rett.
Så da kontakta vi privatjordmor her i Bergen, og fekk heime besøk av ei kjempekoseleg jordmor som tok seg god tid til å vise meg med ammingen, svarte på spørsmål eg hadde og gav oss masse råd og tips!
Dette var verdt kvar einaste krone, og eg er så glad for at vi gjorde det.
Endelig følte eg at eg kunne slappe av og amme i veg!

Så kom mandagen igjen, og Rune reiste på jobb. Veldig rart å være aleine med lillemor. Men det varte ikkje lenge, for samme kveld kom mamma på besøk for å hjelpe til litt den veka.
Eg er so utruleg glad for å ha mamma der! Ho vaska, baka, laga middag, hjalp meg med Leah, passa ho så eg kunne forsøke å sove (sleit med nattesøvnen siden ho fortsatt fekk mat kvar 3. Time), og ho var rett og  slett ein utrule god støtte å ha! Den helga kom pappa på besøk óg, og me feira vår første 17.mai med Leah ♡
Når mamma reiste på søndagen satt eg og grein kjempe lenge. Det hadde vært så godt å ha ho der, og det var så fint å sjå Leah med besteforeldrene sine. Plutselig var savnet etter familien og heimbygda så mykje større..

Men det gjekk seg til etter kvart, og eg kom inn i rutinene til Leah. Plutselig var ho over 3500 gram, og ho kunne få bestemme når ho skulle ha mat sjølv, og kunne sove så lenge ho ville om natta.
Leah har så langt vært ein veldig snill baby, og er som regel oppe kun 1 gang om natta for å få mat. No dei siste nettene har ho sove fra kl.22 til mellom kl.05 og 06. Da får ho mat før ho søve eit par tima til.

Så etter ein litt trøblete start så har ting gått seg veldig fint til. Starten vart ikkje heilt som planlagt, men det er den vel kanskje ikkje for noken?
Eg er veldig glad for at eg ba om hjelp, og for at mammaen min stilte opp.

No nyte eg dagane med vetle nurket mitt til det fulle ♡


Over:
Søve søtt i vogga si

Under:
Pappakos ♡



Over:
privatjordmor gir oss tips mot magevondt

Under:
Pappakos ♡



Over:
Jenta vår på 17. Mai ♡


Ha ein fin dag alle sammen!

T.

fredag 27. juni 2014

2 månader

Herligheit som tiden flyr!
På onsdag var Leah 2 månader gammal. Fødselen sitte friskt i minne, og da føles som om alt skjedde i går.. Samtidig så føles da som om ho alltid har vært her med oss ♡
Sist Onsdag var eg på ein kontrolltime på kk, og der har  me ikkje vært siden eg vart innlagt. Litt rart å være tilbake, å sjå alle gravid magane, og alle som gjekk rundt med små babyar.
Leah er med eitt så stor. Samtidig er ho jo fortsatt liten. Vi møter stadig på folk som kommenterer at ho er lita. Seinast i går på helsestasjonen møtte eg på ei som sa " Nååh. Denne er ikke gammel". Når eg da seie at ho er 2 månader, så seier alle at da er ho ikkje stor. Ho eg møtte i går hadde ein 3 veker gammal baby som var like stor som det Leah er no.

Men jenta vår vekse og legge bra på seg. Me vegde ho i går, og ho vege no 4720 gram!
Det er jo fortsatt under det som er gjenomsnittet for babyar som er 2 månader, men ho følger si eiga kurve og har ei veldig fin utvikling.

Når ho var fødd så svømte ho i størrelse 50, og no er dei aller fleste klærne i størrelse 50 endelig pakka vekk! Størrelsane varierer veldig fra merke til merke, så noken plagg passa fortsatt i størrelse 50, mens ho så smått har begynt å bruke størrelse 62 i andre merker.
Morro å kunne finne fram litt større og nye klær fra garderoben hennas.

No skal eg prøve å få laga litt fleire dåpsinvitasjonar mens lillemor tar seg ein høneblund.



Over:
Det første bildet av den lille familien. 
Tatt ca. 1 time etter fødselen.

Under:
1 dag gammal, såå liten ♡




Over:
2 månader gammal. Blid og god ♡

Under:
Sover så godt i vogna si ♡



Ha ein fin dag alle sammen! 

T.

torsdag 19. juni 2014

Ein litt tøff start på mammarollen del 2


Etter 5 døgn på barsel 1 på KK, fekk me komme heim 30. April.
Ein fantastisk følelse av skrekkblanda fryd.
No begynte mammarollen for alvor. No var me ansvarlige for det lille nurket vårt 24 timer i døgnet.
Ekstra spennande var det at den første dagen aleine var 1.mai-alt var jo stengt!

Natta gjekk veldig fint, sjølv om det vart lite søvn. Eg var livredd for at noke skulle skje iløpet av natta + at ho skulle ha mat kvar 3. Time.
I praksis foregjekk dette slik at me hadde vekkerklokka på kvar 3. time, og så sto me opp alle 3. Siden så små babyer ofte sover mykje og ikkje gir beskjed om at dei er svoltne, måtte me i begynnelsen vekke Leah ved å skifte på ho.
Så skulle ho få amme så lenge ho ville (ca. 10- 15 min), og mens eg gjorde det fiksa Rune tillegget og brystmelka mi. For siden eg ikkje hadde fått skikkelig fart på ammingen enda måte ho få NAN og morsmelk som eg hadde pumpa ut ved sist måltid på flaske til kvart måltid.
Så gav eg eller Rune ho flaske før eg til slutt måtte pumpe begge puppane i ca.10 min mens Rune forsøkte å få Leah til å rape for så å bysse ho i søvn igjen. Her gjekk det fort 1 time til kvart måltid, og så var det da 2 timer til neste måltid igjen (du skal rekne 3 timer fra måltidet begynner).

Eg begynte óg i løpet av natta å føle meg dårlig. Frøys og svetta, og var uggen.
Torsdagen kom og formen var dårlig. Hadde feber, og bestemte meg utover dagen for å ringe KK. Dei meinte det var brystbetennelse, og ba meg om å ta paracet. På kvelden vart formen bedre, og fredag var eg heilt fin igjen!

Fredag skulle me på kontroll på helsestasjonen for første gang. Veldig spennande. Eg var så nervøs for at me ikkje hadde fått i ho nok mat, og at me måtte inn igjen på barselsavdelinga.
Men lillemor hadde fortsatt matvett, og hadde lagt på seg fint! Så me fekk reise heim igjen lykkelige og letta :)
Me kosa oss med lillemor, og hadde vår første trilletur.

Lørdag kom, og formen min var dårlig igjen. Hadde influensafølelse, lette smerter og ubehag i magen, det svei når eg tissa (dette trudde eg kom fra stinga eg fekk etter fødselen), og eg hadde over 40 i feber som paracet ikkje ville ta knekken på.
Eg ringte på nytt til barseltelefonen på KK om ettermiddagen, og fekk snakke med ei jordmor. Men siden KK kun har ansvaret for mor og barn i 6 dagar etter fødselen fekk eg beskjed om å kontakte lege. Dette var jo ein lørdag, så mitt einaste alternativ var legevakten. Eg sa da at eg ikkje hadde lyst å reise på legevakten der det er masse sjuke folk med babyen min som var dysmatur, og som skulle ha mat kvar 3. Time...
Jordmora skulle da snakke med ein lege og ringe meg tilbake.
1 times tid seinare ringte ho og sa at eg skulle komme inn så fort eg var klar og henvende meg på gynekologisk avd. På KK.
Vi gjorde Leah klar, og reiste opp. Vel framme vart vi tatt i mot,og vist inn på eit rom som skulle være vårt. Eg blei stilt ein del spørsmål, vart tatt tempen på, og fekk paracet. Fekk så vite at eg sannsynligvis vart værande der over natta, noko vi ikkje var forberedt på i det heile tatt!
Så da måtte Rune reise heim og pakke klær og utstyr til oss alle sammen. Siden det var helg og rolig på avdelinga fekk Rune og Leah heldigvis være "innlagt" på rommet med meg heile tiden. Viss ikkje veit eg ikkje korleis det hadde gått.
Formen min var no elendig, trur ikkje eg har følt meg so dårle før. Hadde feberkramper, og mista heilt kontrollen over kroppen under desse bygene..

Dei tok masse blodprøva av meg, og eg vart sendt inn til lege for undersøkelse. CRP'en min var veldig høg. Dei tok ein innvendig ultralyd, og her såg dei litt rester etter morkaka, men ikkje meir enn det som kan forventes rett etter fødsel. Legen trudde det var ein kraftig urinvegsinfeksjon, men måtte vente å sjå på prøvesvara. Eg fekk beskjed om å faste fra midnatt i tilfelle eg måtte opererast/få ein utskrapning neste morgen.
Iløpet av natta var sjukepleiarane innom ofte. Eg fekk no to forskjellige antibiotika kurer + væske intravinøst, samt 1 gram paracet ved jevne mellomrom. Leah trengte jo óg litt tid, med amming, flaske, pumping og kos. Og i ein feber utmatta kropp var det veldig slitsomt.
Dette tok jo på for Rune også, han måtte jo ta vare på både meg og Leah..

Neste dag gjekk med til venting. Til tross for medisin ville ikkje feberen min gå ned, og eg fekk beskjed om at det vart utskrapning/operasjon.
Prøvane viste at eg ikkje hadde urinvegsinfeksjon, så da trudde legane at det hadde satt seg ein skikkelig infeksjon i morkake restane i magen. Dei ville derfor få det ut for å være på den sikre sida.
Ein utskrapning er eit lite og kjapt inngrep, og pasienten må i ein lett narkose. Eg takla ikkje tanken på narkose, og begynte å grine av det heile.
Ingen kunne heller fortelle oss når operasjonen vart, for dei måtte ta meg når dei hadde tid.
Dette var ei påkjenning, og klokka 18 visste dei fortsatt ingenting. Eg var såå sulten!!
Å amme kvar 3. Time med kun væske i kroppen + feber tok på..
Nå knakk både eg og Rune sammen. Vi følte ikkje at vi fekk tatt godt vare på jenta vår, og var utslitte begge to..

Så kl.19, etter å ha fasta i nesten 1 døgn, vart eg endelig rulla ned for den lille operasjonen.
Den gjekk fint, og eg følte meg pigg kort tid etter å ha våkna fra narkosen.
Endelig kunne eg ete og drikke det eg ville!!
Nok ei natt med intravenøst og lite søvn venta. Nattevaktene tok ikkje hensyn til at det var ein liten baby i rommet, og bråka som berre det.
Men me klarte den natta óg.

Neste dag ville me berre hein, men det fekk me ikkje lov til før verdiane mine (CRP og leukocytter) var gått ein del ned.
på ettermiddagen var verdiane begynt å gå ned, og med resept på ein real hestekur av antibiotika i baggasjen fekk me endelig reise heim etter å totalt ha tilbrakt 1 veke på KK.


Over: 
stolt mamma på første trilleturen, på veg til vektkontroll.

Under:
Stolt pappa på veg heim fra vektkontroll.



Over:
Ei lita tulle sover søtt på sitt andre opphold på KK.

Under:
Mamma har ein liten pause fra intravenøs'en.




Over:
Lillemor er snart klar for heimreise ♡


Det var del 2.
Del 3 kjem etter kvart :)


T.




tirsdag 17. juni 2014

Ein litt tøff start på mammarollen del 1


Den første tida etter fødselen vart litt tøff. Tøffare enn eg hadde forventa. Eg trudde eg var så forberedt, men det var eg ikkje 100% allikevel.
Tenkte no å fortelle om dei første vekene etter fødselen.

Noko av det viktigste for meg var at Rune skulle være tilstede så mykje som mulig under fødselen og på barselsoppholdet.
Dette var også ein stor motivasjon for å føde på storken uten epidural (her tilbys kun naturlig smertelindring som akupunktur, vann osv), siden dei har familierom.
Dette fortalte eg både muntlig og i ønskebrevet mitt til jordmora ved ankomst på sjukehuset.
Dei hadde ledig familierom, så det var ikkje problem.
Men siden lillemor var dysmatur (lav fødselsvekt ifht. Svangerskapsveke), og berre var 2630 gram måtte me flyttast til Barsel 1. Ho måtte få mat kvar 3 time,og måtte få litt ekstra oppfølging dei første dagane, og da måtte me være på Barsel 1.
Me koste oss litt på storken, fekk mat og nøyt jenta vår. Eg var kjempepigg, og var på beina med ein gang. Fiksa meg litt, skifta klær og pakka sakene mine sjøl før det var på tide å flytte ned til barsel 1.
Her hadde dei ikkje plass til Rune, og kl. 2 om natta, vel 3 timar atter at jenta vår kom til verden, måtte Rune reise heim. Eg vart sendt inn på eit 3 manns rom med 2 andre kvinner og deira babyer.
Damene var koselige, men det vart ikkje mykje søvn. Eg gjenopplevde fødselen, låg og såg på jenta mi, høyrde på alle babyane som skreik på skift, og kvar 3. Time vart jenta mi henta ut for å få mat. Eg fekk da beskjed om å bruke tiden til å sove. Ikkje lett! Klarte liksom ikkje å slappe heilt av og stole på at nattevaktene passa på jenta mi.

Dagen etterpå kom ein stolt pappa på besøk. Besøkstiden er på kveldstid, men ein får ha besøk i gangane og i kiosken. Alle damene på rommet eg sov på var enige om at pappa'ene kunne få være inne på rommet vårt. Eg og Rune oppholdt oss allikevel for det meste i gangen. Men når Leah skulle få ny bleie spørte eg romkammeratane mine om Rune kunne være med inn. Det var heilt i orden, det hadde vi jo avtalt.
Men mens Rune sto og skifta på jenta si for aller første gang så kom det ein barnepleier inn. Ho lurte på kva Rune gjorde der, og sa at han ikkje fikk være der. Eg sa at vi hadde avtalt oss i mellom at dette var i orden. Men det hjalp ikkje- han fikk skifte den bleia, men så måtte han gå!
Øydela øyeblikket litt kan du sei..

Leah skulle som sagt ha mat kvar 3. Time. Eg fekk beskjed om å amme ho først, for å få i gang melkeproduksjonen, og for å lære Leah å suge skikkelig. Eg var redd for å gjere noko feil med ammingen, og ba gang på gang personalet vise meg. Eg sa ordrett: "kan du sjå på meg først, og så vise meg kva eg gjorde feil?". For å være sikker på at eg ikkje gjorde noke feil. Personalet kom, tok Leah, dytta ho inn på puppen og gjekk igjen- uten å forklare, eller å la meg prøve først. Dette skjedde kvar gang!

Eg følte meg som verdens dårligaste mamma. Babyen min var "for liten", ikkje hadde eg nok melk til ho, ikkje fekk eg til ammingen skikkelig, og eg måtte ha hjelp dei første nettene slik at eg fekk sove litt. Nattevaktene hadde da Leah hos seg ei stund slik at eg kunne sove. Dette var ikkje lett. Eg hadde kjempe dårlig samvittigheit for å ikkje ha jenta mi hos meg, og var livredd for at ho låg og skreik etter meg mens nattevaktene var opptatt med andre..
Men litt søvn klarte eg allikevel å få.

Leah vart født på ein fredag, og dei første dagane vart ikkje heilt som forventa. Eg elska jenta mi, og koste meg virkelig med ho. Familien og lykken var komplett ♡
Men personalet 'såg' meg ikkje, og ingen tok seg tid. Ingen fortalte oss kor lenge me måtte rekne med å være der, forklarte oss kva me måtte gjere når me kom heim ifht. Mating, viste oss ammeteknikker osv.
Eg er høflig, men pleier ikkje å ha problem med å sei i fra, men som nybakt mamma var det mange følelsar i sving. Eg var overlykkelig, overvelda, glad og sliten. Eg hadde hatt ein kjempefin fødsel, kroppen min fungerte bra, og eg var overraskande pigg! Men eg sov dårlig/lite om nettene, og vart sliten av dette. Så å skulle stå på sitt orka eg ikkje.

Men så kom mandag, og ei fantastisk jordmor kom på jobb! Ho såg kva eg trengte, og tok seg alltid tid til alle spørsmål eg måtte ha, uansett kor opptatt ho var. Ho viste meg litt med amminga, viste oss korleis vi skulle bade Leah og tok seg tid til å snakke med oss.
Ho gav meg sjølvtilliten eg trengte og eg vart trygg igjen.
Leah har næringsvett, og hadde tatt igjen fødselsvekta si 4 dagar etter fødselen.

Så den siste dagen i april fekk to stolte og overlykkelige foreldre reise heim igjen med den lille skatten vår ♡


1 dag gammal ♡



Over: 
 Bitte lille jenta mi. Str. 50 var altfor stort..Og me hadde berre kjøpt inn 2 bodyer i denne størrelsen, siden eg trudde ho skulle hoppe rert inn i str.56 , så her måtte pappa på shopping :p

Under:  
Ein stolt pappa tar med jenta si heim ♡




Del 1 vart nok litt rotete. Beklagar!
Del 2 kjem seinare.

T.







mandag 16. juni 2014

she's here!

Det har vært stille her ei stund no, og det skyldast ganske enkelt at eg har blitt mamma.
Den 25.april kl. 22.36 kom verdens nydligaste jente til verden på storken her i Bergen ♡

Fødselen starta med at vannet gjekk kl.06 på morgenen, og etter det var det berre å vente. Riene kom skikkelig i gang på ettermiddagen, og me reiste på sjukehuset litt før kl.18 om kvelden, da var det berre noken minutt mellom kvar rie.
Fødselen utvikla seg relativt kjapt med tanke på at eg er førstegangs fødande, og kl. 22.36 var ho født.
Eg er så stolt over å ha født lille jenta mi. Det er heilt utrulig kva kvinnekroppen er i stand til, og det heile var berre ein heilt fantastisk opplevelse.
Vondt, men fantastisk!

Eg klarte å føde naturlig, uten epidural og er veldig glad for det. Vi forsøkte akupunktur og saltvannspipler, men det tykte eg ikkje fungerte noko særlig.
Eg hadde eit ønske om å bruke vann som smertelindring, og evt. Føde i vann, men så langt kom vi aldri, for plutselig var ho her.

Lillemor var/er velskapt, men var dysmatur, og vog berre 2600 gram. Det er jo ikkje såå lite, men med tanke på at ho var estimert til å være i øvre sikte av det normale for jentebabyer ved siste ultralyd så forventa eg jo ein baby som iallfall var over 3000 gram. Eit ekstra lite sjokk å få ein så liten baby på brystet.
Dette betydde nokre ekstra døgn på barsel, og litt ekstra oppfølging.

Eg skal innrømme at det var overveldande å bli mamma for første gang, og at eg trengte litt tid på å bli vandt til denne nye rolla.
Morslykken var der virkelig, og eg elska jenta mi over alt fra første stund.
Men eg var så redd for at eg gjorde noko galt, og klarte ikkje å slappe skikkelig av den første tida. Dette er sikkert vanlig når ein blir mamma for første gang, men eg trur eg følte litt ekstra på det siden jenta mi var så skjør og liten.

No har me  komt inn i litt rutiner, og nyter dagane med lille Leah ♡

Dersom de vil kan eg kanskje lage fleire innlegg om tida rett etter fødsel óg andre ting de evt vil høyre om?





Følg meg gjerne på instagram 
(memorylane_), der kjem det mykje oftare oppdateringar.

T.