fredag 31. oktober 2014


H A L L O W E E N

Eg har dei siste åra vært litt motstander av halloween.
Det er jo ein amerikansk (opprinnelig engelsk og irsk) tradisjon, og sjølv om det ikkje kan sammenlignas- så er gode gamle "julebukk" mykje bedre tykkjer eg.
Men halloween har komt for å bli, og i år har eg tenkt skitt au, og rett og slett tatt litt av med både baking, snop og pynt.
Eg tenker jo at dette er noko Leah vil ta del i om nokre år, og eg vil aldri i verden ta fra ho gleden med å gå rundt og sei "knask eller knep" med vennene sine.

Så i dag har eg og Leah baka halloween cupcakes, og eg me har så smått pynta litt ute på trappa.

Det var faktisk ganske morro.
Og når dei første "monstera" ringte på døra trur eg nesten eg tykte det var meir morro enn det dei gjorde. Haha!

Her ser de litt fra halloween i Stedjeåsen:







Ha ein fin og skummel halloween da folkens!

T.

onsdag 29. oktober 2014

Drømmebad


NYTT BAD!

Det einaste rommet i leiligheiten vår som eg følte me virkelig måtte gjere noko med i nærmaste framtid etter innflytting, var badet.
Badet var 17 år gammalt, blått, fælt og utdatert.

Så i begynnelsen av september flytta me ut av leiligheiten og inn på kjørnes mens håndtverkarar, røyrleggar og elektrikar gjorde om badet vårt.

Me var litt i stuss på om me skulle velge heilflisa eller kun flis på golvet, og våtromsplater på veggane. Me endte opp med heilflisa.
Når me først skulle pusse opp badet og hadde økonomi til det så endte me opp med heilflisa.
Me var også i stuss på om me skulle ha badekar eller dusj. Badet hadde blitt veldig trangt med begge deler, og me ville ikkje kun ha badekar.
Me hadde begge veldig lyst på "regnskog-dusj" som eg kaller det (veit ikkje heilt kva det eigentleg heiter?), og gjekk for det.
Me var også usikre på om me skulle ha skyvedør foran vaskemaskina og varmtvannsberederen eller ikkje.  Me konkluderte med at badet ville virke mindre med skyvedør, og lot det være.

Flisene fant me på kaupanger,  og hadde i grunn litt flaks. Dei hadde alt på lager, bortsett fra flisene til dusjen. Eg ville nemlig ha mindre størrelse på flisene i dusjen, og desse måtte spesial bestillast frå Italia, og ville ha tatt 3-4 veker å få.
Det funka ikkje heilt når me reiste for å bestille flisene kun eit par dagar før håndverkarane kom, men me klarte heldigvis å få tak i nok fra butikken i Førde, som mot formodning hadde dei på lager.
Burde kanskje tenkt på at slikt er bestillingsvare, men er jo første gangen me pussar opp eit bad, og tenkte ikkje så langt.

Håndtverkarane jobba omtrent døgnet rundt, og med kun nokre få problem på vegen var badet ferdig oppussa i midten av september.

No har me eit flunkende nytt bad, med rør-i-rør, nye varmekablar, ny varmtvannsbereder, spotter i tak, fliser osv.
Vårt drømmebad! (Sett bort i frå at eg mangler badekar). Me er utruleg godt fornøgde!!
Me er også utruleg fornøgde med alle håndtverkarane som jobba her, så viss noken vil ha tips om flinke og kjappe folk er det berre å spørre.

Beklager dårlig bilde, måtte ta bilde av prospektet med mobilen, men her ser de altså korleis badet såg ut når me flytta inn:


Belegg på golvet, plater på veggane, gammal innredning og badekar.

Under ser de bilder av det nye badet vårt ♡













Fint? ♡

Her er mannen akkurat komt heim fra jobb tur i Oslo. Liker ikkje å være aleine, så var godt å få han heim ♡
Han hadde kjøpt med heim ein nydelig kjole til Leah, skal vise den og mykje anna nytt ein anna dag.
Ha ein finfin kveld videre!

T.

lørdag 25. oktober 2014

Eit heilt halvt år

Tenk, i dag er lillemor eit heilt halvt år.
For 6 mnd sida låg eg med rier, berre halvannen time fra å møte ei bittelita, nydelig og perfekt prinsesse.
Eg blir like satt ut kvar gang eg ser ein liten nyfødt baby. Har virkelig jenta mi vært så lita, og kanskje attpåtil mindre?!
Ho er jo berre 6 mnd, men samtidig så stor..

Ho utvikla seg heile tiden, og eg prøve alt eg kan å nyte kvart einaste minutt.
No snur ho seg fra rygg til mage, smiler, ler, kjeftar, blir småflau, redd for høge lydar, og kanskje litt utrygg på nye menneske.
Det er så fantastisk å følge ho på vegen, og stadig få legge merke til nye personligheitstrekk.

I dag har eg og Leah forsøkt oss på ei aldri så lita photoshoot her heime i stova.
Me skulle egentle ha tatt hånd og fotavtrykk også, men det får bli i morgon.

Her kan de få sjå litt av resultatet fra dagens fotografering:






Ønske alle ein fin laurdagskveld!

T.

torsdag 23. oktober 2014

God kveld

God kveld!

Er berre ein kjapp tur innom for å ønske deg ein fin torsdags kveld.
Her sitte me benka begge to og ser på Castle,  mens lillemor søve søtt i senga si.

I dag begynte Rune seint på jobb, så han og Leah har vært på trilletur mens eg forsøkte å få unna i litt i huset.
Rune jobba seint ein dag i veka, og eg lika denne dagen veldig godt.
Da får Rune og Leah litt meir kvalitetstid enn det dei vanligvis får om ettermiddagen, og eg trur Leah er fornøgd med å ha pappaen sin her óg ♡

Etter at Rune reiste på jobb kom mamma og pappa innom ein kjapp tur.
Mamma har strikka gensar og lue til Leah, og kom innom med det, og sjølvsagt for å få litt mormorkos.

Mamma er utruleg flink på strikkepinnane, og eg er så glad og takknemlig for alt ho lager til Leah.
Tenkte å vise fram litt meir av det ho har laga seinere ein gang, men her er iallfall gensaren og lua.




Fint, ikkje sant? ♡

Eg lurer forresten på å lage eit blogginnlegg med litt fleire bilder og detaljer fra ein vanleg dag med meg og Leah. Kunne det vært av interesse?
Kanskje noken i Bergen som har lyst å "være med oss" ein heil dag? :)

Ha ein fin kveld videre!


T.

tirsdag 21. oktober 2014

Tomatsuppe


I dag  sto det tomatsuppe på menyen her i huset, og eg bestemte meg for å lage den fra grunnen av.
Etter litt leiting, endte eg opp med å bruke denne oppskrifta fra Trines matblogg som utgangspunkt.
Eg gjorde eit par endringer, og endte opp med denne oppskrifta:

# olivenolje
# 2 finhakka sjalottløk
# 1 finhakka kvitløksfedd
# 2 ss tomatpuré
# 2 bokser hermetiske tomatplommer
# 1 lita ts sukker
# 1 lita ts basilikum
# 7,5 dl kyllingbuljong
# salt og pepper


Først koker du opp 7,5 dl vann og løser opp 1,5 kyllingbuljong. Sett dette til side.
varm olivenolje i ei gryte, og fres løken.
Tilsett tomatpuré og la dette frese i nokre minutt.
Ha i boksane med tomater, kneft tomaten litt og kok opp.
Tilsett kyllingbuljongen og kok opp på nytt.
Tilsett sukker, tørka basilikum og smak til med salt og pepper.



La suppa koke i 25 min.
Bruk stavmikser og finmos suppa.
Ta fram ei stor sil, og sil suppa over i ein bolle.

No har du suppa klar til servering i bollen, og deilig pizzasaus i sila som du kan fryse ned.

Eg laga også desse fantastiske baguettane, og serverte ved siden av.






Bon appetitt ♡


mandag 20. oktober 2014

DIY sengegavl

Eg har lenge hatt lyst på ein flott sengegavl, og har sett så mange fine rundt om i butikkane. Men desse er så himla dyre, og står ikkje akkurat øverst på lista over møbler/nye ting vi skal invistere i om dagen med baby og ny leiligheit.

Og så kom eg over dette innlegget hos dyktige speiltvillingene, og bestemte meg for å lage min eigen sengegavl.

Eg brukte stort sett samme framgangsmåte som den eg fant på bloggen hennas, men siden sy og strikkebui her i Sogndal var tom for vatt brukte eg to gamle sommerdyner eg hadde liggande i stedet for.
Det funka minst like godt med dyne i grunn.
Stoffet kjøpte eg på ikea før me flytta fra Bergen, og etter litt leiting fant eg til slutt nokre knappar eg var fornøgd med her i Sogndal.

Så da var det berre å sette i gang!
Å lage sjølve sengegavlen var forholdsvis lett.
Å sy i knappane derimot tok lang tid, og hadde nok fått ei kvar sydame til å dra seg i håret dersom dei hadde sett resultatet på baksida av sengegavlen.
Men som mamma sa så er det jo ingen som ser den på baksida.
Med litt hjelp fra min kjære skrudde me den fast i veggen, men i stedet for å sy fast dei 4 siste knappane så tredde eg dei først med tråd (slik at det ser ut som at dei er sydd fast) før eg limte dei fast med limpistol.

Eg er super fornøgd med den nye sengegavlen min, og det er utruleg kjekt å kunne sei at eg har laga den sjølv!

Den vart jo også mykje billigere enn om eg skulle ha kjøpt ein tilsvarende.
Stoffet kosta ca. 250- 300 kr, men da kjøpte eg nok stoff til eit anna DIY prosjekt eg har på gang.
Knappane kom på rundt 200 kroner, dynene var gratis og limpistolen kosta 38 kr på søstrene grene.
Pappesken tok eg vare på etter flyttingen, men vart kjøpt på europris for ca. 20-40 kr.

Her kan de sjå resultatet.
Eg tykkje iallfall den vart veldig fin ♡











Ha ein fin mandags ettermiddag alle sammen!

T.



lørdag 18. oktober 2014

Let's face it!


Det er berre å innsjå det. Eg lider av baby - lue mani.
Sett bort i fra perioden med tropevarme i sommar, so har jo Leah sjølvsagt brukt lue når me har vært utendørs. Og for å sei det sånn, ho har litt å velge i.
Når eg no skulle hente fram litt større klær til Leah slo det meg at frøkna har fleire luer enn ho rekker å bruke! Og enda til har eg sett meg ut fleire eg vil kjøpe til ho.
Men det skal jo seiast at nokre av desse luene ikkje passar før ho nærma seg 1 år, samt at ho bør jo ha litt forskjellig å velge i ifht. Tjukkelse, materiale osv med tanke på at vinteren her i Sogndal kan bli både mild og veldig veldig kald.
Eller er der berre ein unnskyldning eg kjem med no for å kunne kjøpe enda fleire?

♡♡♡

Vel vel, igår kjøpte eg denne nydelige lua fra Lillelam til ho. Er den ikkje berre nydelig? ♡


Eg har også sett meg ut ei kjempefin lue fra Kivat, som eg venter på at Kidsplanet her i Sogndal skal få inn. Den av ull den også, og blir nok fin etter jul og fram mot påske.

Eg har jo ikkje kjøpt alle desse luene til Leah. Mange av desse har Leah fått i gave fra familie og venner, som er kriminelle på strikkepinnene!

Er dei ikkje fine?


Over:
Farmor, mormor og oldemor strikk ♡ 


Over og under:
Fadder Ninni sørga for god lue beholdning fram mot barnehagealder ♡ 



Eg kan jo heller ikkje gløyme den nydelige lua eg bestilte fra Rakstad barneklær, her demonstrert av lille sjarmtrollet mitt ♡


♡♡♡

No på høsten er eg ekstremt glad i duse farger,  og elsker kombinasjonen av lilla, brunt og dus rosa i forskjellige fargetoner. 
Her er mine favoritter om dagen ♡ 


Over:
Lindex, H&M, Ninni - strikk ♡

Under:
Kappahl, Lillelam, newbie by kappahl ♡



Her ser de heile samlingen av luer per dags dato.
Og her har eg ikkje tatt med luene fra dei første 6 månadene. Dette er luer som passer fra no av, og fram mot 1 års alder.




Har eg eit lue problem?

T.




onsdag 15. oktober 2014

Til jenta mi ♡

Herligheit som eg elska å vera mammaen din♡
Korleis klarte me oss uten deg?

Eg elska å vakna om morgenen og høyra deg bable og tøyse ved siden av meg.
Eg er trøytt, og skulle nok gjerne ha sove litt lenger, men eg elska da.

Eg elska å prate med deg, kose med deg og sjå at du stadig oppdager noke nytt når du ligger der og drar i storetåa di på stellebordet.
Eg skulle ønske tida sto stille,  og at du aldri skulle bli større. Men samtidig elska eg at du heile tida utvikla deg, og tar små og store skritt ut i verden.

Eg elska å amme deg.
Eg får nok hengepuppa, såre brystvorte og alt som følge med.
Men eg elska å sjå på deg der du ligger, høyre koselydane dine, og kunne få denne nærheita til deg.

Eg elska å leike med deg på golvet.
Hybelkaninene hopa seg opp i krikar og krokar, men eg elska å la deg ta tak i håret mitt, få deg til å le av alt det rare eg seier, sjå deg rulle rundt for første gang, og gløymte alt av husarbeid for ei lita stund.

Eg elska å gå på trilletur med deg.
Kondisen får køyrt seg, og det er ikkje alltid det frister å gå trilletur i bøtteregn, eller etter ei natt med lite søvn.
Men eg elska å ta deg med ut i frisk luft, og sjå deg sove så godt i vogna di.

Eg elska å sjå på deg når pappa kjem heim fra jobb. Du lyser opp, og spreller med armer og bein.
Det er ikkje tvil, du er skatten hans, og han din helt.

Eg elska å bade deg.
Eg er kanskje sliten etter ein lang dag, og kjenner at det kunne vært godt å sette seg litt på sofaen.
Men eg elska å vaske håret ditt, og sjå deg plaske i vannet mens du forsøker å fange dei små bade endene dine.

Eg elska å gi deg kveldsmat.
Graut over alt, men eg elska å sjå at du har apetitt, og at du virkelig koser deg med maten.

Eg elska å legge deg i senga di, kysse deg og sei god natt.

Det er sjølvsagt utruleg slitsomt å være våken fleire ganger om natta, dei gangene du ikkje får sove.
Det er slitsomt når du grine, og er utrøstelig fordi du har vondt, og eg ikkje veit korleis eg kan gjere det bedre.
Det er slitsomt å være så bekymra og redd for alt som kan skje.
Det er slitsomt å være mamma.

Men herligheit som eg elska da!
Du gir so utrule mykje glede, so mykje latter, og so mykje kjærligheit.

Korleis klarte me oss uten deg?
Takk for at eg får være mammaen din kjære venn ♡






Mamma elska deg ♡