onsdag 26. november 2014

Vognpose


Da eg gjekk gravid for 1 år siden kom eg over dei nydelige vognposane til RisRosa,  og hadde så lyst til å bestille ein.
Men dei et jo relativt dyre, så eg avventa det litt.

Så kom eg over bloggen speiltvillingene  og dei flotte vognposane mammaen hennas laga til tvillingane hennas.
Eg spørte etter oppskrift, men mammaen hennas hadde laga dei for frihånd.

Eg viste både RisRosa og speiltvillingene sine vognpose til mamma, og ho var enig med meg i at RisRosa sin var relativt dyr, men utruleg flott!
Når ho fekk sjå den heimelaga versjonen til Speiltvillingene bestemte ho seg.
Ho ville også prøve å lage ein for frihånd, med utgangspunkt i begge variantene eg hadde vist ho.

Garn, stoff og alt anna nødvendig vart kjøpt inn allerede før Leah vart født, og i heile sommar har ho jobba med den (inne i mellom alt det andre ho har laga).

Og for ein måneds tid siden var den ferdig!

Eg er såå fornøgd. Og utruleg stolt over å ha ei så flink og snill mamma.
Og tenk så fantastisk å ha ein heilt unik vognpose, som ingen andre vil få maken til.

Her kjem eit bilderas av vognposen i bagdelen. Me bytta over til sportsdel for ei vekes tid siden, så har ikkje fått tatt bilder av posen i sportsdelen enda.







Er den ikkje fin?

T.



torsdag 20. november 2014

Jule inspirasjon

Desember er like rundt hjørnet, og her i huset kjem julestemninga sakte men sikkert snikande.
Julemusikken står på repeat på Spotify,  og julegavene er snart i boks.

Eg berre elska jul!!
For min del kunne den faktisk vart heilt til påske. Eller kanskje ikkje.  Det er jo det som gjer jula så spesiell og magisk. Den kjem jo berre ein gang i året!

I år har eg funne så utruleg mykje fin jule inspirasjon på pinterest og instagram:












Åå, som eg gleda meg!!

T.


fredag 14. november 2014

Bergen


På søndag pakka me bilen og satte kursen mot Bergen.
Rune skulle hjelpa til på Ark butikken på det splitter nye senteret Horisont i Åsane, og eg og Leah vart med for å kose oss, møte "gamle kjente" og for å handle julegaver.

Når me nærma oss Åsane snakka me om at det føltes ut som at me hadde vært på ein kjempelang ferie, og no var me på veg heim.
Bergen vil for alltid være vår 2. Heim, og eg har ikkje ord for kor kjekt og godt det var å besøke Bergen og møte vennene våres igjen.

Me har kosa oss glugg, både eg og Leah.
Rune har jo for det meste jobba, men eg trur han kosa seg óg.

Eg har besøkt jobben min, møtt venninner og er nesten (!) ferdig med all julehandelen.
Eg har som mål å være ferdig med alle julegaver innen 1.desember  slik at eg kan nyte førjulstida med Leah , så eg er meget fornøgd med alle innkjøpa eg fekk gjort i Bergen.

Me kom heim i går ettermiddag,  så det er eit einaste kaos av kofferter og bæreposer her.
Tar litt tid å få alt på plass igjen med ei lita frøken som er uenig i at utpakking er første prioritet.
Men så er jo ikkje eg så effektiv når det kjem til utpakking heller akkurat, så bør vel skylde mest på meg sjølv.

Her kjem litt bilder fra herlige dagar i Bergen:


Over og under:
Leah kosa seg hos "tante" Ninni ♡




Over og under : 
Sjølfies og snapchat høyre med!



Over:
 Leah med "tante" Marte og Ninni ♡
Under:
Vakre vakre Bergen ♡


Under:
Tuppen og lillemor på veg til ikea, mens lillemor Leah e heime med pappa.




Ha ein fin fredagskveld alle!

T.

søndag 9. november 2014

Farsdag

I dag er det farsdag, den aller første farsdagen for Rune etter at Leah kom til verden ♡


Og eg er så glad for at det er nettopp deg Rune som er pappaen til Leah.


Ingen andre kan få Leah til å le som deg.
Ingen andre kan få ho til å smile som deg.
Ingen andre kan få ho til å føle seg så trygg som deg.
Ingen andre kan få ho til å føle seg så elska som deg.
Takk for at du e nettopp deg, og ingen andre ♡


Gratulera med farsdagen verdens beste pappa og mann ♡


Farsdagsgave fekk Rune allerede sist helg.
Han fekk Apple Tv.
Delvis fordi han e verdens beste pappa, og delvis fordi han har vært så flink å slutta å snusa uten å ha sprekt ein einaste gang! *stolt*
Grunnen til at han fekk den sist helg var fordi eg trudde farsdag var da og ikkje i dag.
Jada. Her skylda me på ammetåka til siste melkedråpe er skvist ut!

Farsdagen blir feira i bilen, for me skal til Bergen og blir der til onsdag ettermiddag!
Hurra, gleda meg som ein unge til å sjå alt og alle igjen!! ♡


T.



fredag 7. november 2014

Heimelaga taco krydder



Det er fredag kveld, og det betyr fredagstaco for mange.
Taco står ikkje på menyen kvar fredag her i huset, men i kveld blir det taco, netflix og rumpa godt planta i sofaen.

Og når ein skal diske opp med taco, kvifor ikkje lage sitt eige tacokrydder?
Det smakar bedre, og er meir økonomisk enn å kjøpe ferdig kryddermix på butikken.

Du trenge:

3 ss chilipulver
2 ss spisskummen
3 ta oregano
1,5 ts kvitløkspulver
2 ss paprikapulver
2 ss havsalt
2 ts kverna pepper

Bland alt godt, og strø det over kjøttdeigen før du blander inn ca. 1,5 dl vann.

Etter å ha prøvd denne miksen dobla eg oppskrifta fleire ganger til eg var tom for chilipulver og paprikapulver, og hadde det over på ei krukke.
Det blir nok ikkje kjøpt ferdig kryddermix med det første her i huset, for no har eg krydder langt fram i tid.





Ha ein fortsatt fin fredagskveld!

T.

torsdag 6. november 2014

For lite

I går sorterte eg alle baby klærne som har blitt for lite etter størrelse, pakka det ned og satte det inn på kottet. 
Det var nesten så eg fekk tårer i augene av dei bittesmå klærne hennas som var så altfor store når ho vart født..
Tenk at ho har vært så liten!
Sukk..






Her er str. 50, 56 og 62 pakka ned.
No må eg få kjøpt inn fleire kasser, for snart er str.68 for lite også..

No skal me på trilletur i det kalde fine haustværet! 

Ha ein fin dag ♡

T



tirsdag 4. november 2014

Ein vanlig dag hos oss



Tenkte å ta dikka med på ein heilt vanlig kvardag i Stedjeåsen 76.
Dette er fra fredagen for 2 veker sida, men rutinene og kvardagen er fortsatt relativ lik slik den er beskrevet her.

Klokka 07.20
Leah våkner. Ho ligger å prata (babler/ler) litt med seg sjølv før ho kjem over i vår seng for litt kos.


Det varierer litt om Leah får pupp i senga eller nede i stova etter morgenstellet, avhengig av kor svolten Leah er og kor trøtt eg er.


I dag vart det morgenstell på badet først.

Klokka.  07.45
Leah får pupp.
15 min seinere sitter heile familien ved frokostbordet. Eg elska at Rune ikkje begynna på jobb før kl. 09.00. Det gir oss muligheit til å ete frukost ilag kvar dag ♡

Klokka 08.50
Pappa reiser på jobb, og eg og Leah tar fram leikematta for å trene, leike og kose oss.



Leah likar seg på golvet, så lenge ho blir underholdt. Så eg prøver å lære ho å underholde seg sjølv, og det går sakte men sikkert bedre.
Leikene på bildene over er nok to av favorittane, spesielt klokka.

Klokka 09.45
Leah er trøtt, og eg legger ho i vogga si.
Ho har som regel 2 sove lurer i løpet av dagen. Ein kort, og ein litt lengre.
Som regel går me på trilletur mellom 10.30 og 11.30, og så søve ho ute i vogna si når ho har ettermiddagsluren sin litt seinere. 
Men i dag skulle me møte mormor i fjøra (Sogndal sentrum) så da vart det soving inne i formiddag. 



Klokka 10.20
Leah våkner, og me går på badet for å skifte bleie. Alt må visst skiftast og me tar oss god tid- tøyser, prater, kiler, sutter på storetåa og ler.
Etterpå sitter me oss i sofaen, prater og leiker litt.



Klokka 11.00
Leah får pupp

Klokka 11.20
Me går opp på soverommet, og Leah sitter fint i stolen sin mens mamma jobber med eit lite wallsticker prosjekt.

Klokka  12.30
Sangstund.
Leah er lei av å hjelpe mamma med sitt prosjekt, så me tar turen ned igjen i stova og finner fram sangkorta, eit par sangbøker samt boka på bildet. 

Klokka 13.00
Lunsj for mamma.
Endelig kan eg finne meg lunsj og nyte den til denne flotte utsikten mens Leah ligger på golvet og leiker.

Klokka 14.00
Me kler på oss og går ned i fjøra. 
Leah sovner fort i vogna si.


I fjøra møter me mormor, og går og kikker og koser oss heilt til pappa er ferdig på jobb.
Leah våkna ca. 15.00, og vi bruker stellerommet på senteret til ammestund og ny bleie.

klokka  16.00
Pappa er ferdig på jobb og me køyrer heimover etter å ha handla litt helgekos.

Klokka 16.45
Vel heime er det tid for litt pappakos. 
Dei leiker og koser seg på golvet.

Klokka 18.00
Det er tid for kveldstell. 
Me går på badet og steller, prata og kosa.

Klokka 18.20
Det er tid for graut.



Klokka 18.45
Vi setter oss inn i stova og Leah får pupp.

Klokka 19.00
Lillemor søve søtt i armane mine, og eg bærer ho opp i senga si.



Vanligvis ete me middag på ettermiddagen, og sitter rundt bordet alle tre.
Eg synes det er så koselig å ete middag ilag, og så får Leah smake litt på maten mens ho sitter og følger med.
Men i dag er det fredag, og det betyr fredagstaco på mor og far etter at lillemor er i seng ♡

Sett bort i fra litt sutring, som gir seg så fort ho har fått smokken, så søve Leah slik ho vanligvis gjer, heilt til klokka 07.00 neste morgen.



Takk for i dag! ♡

T.