lørdag 24. januar 2015

God kveld

God kveld til deg som stikke innom her ein lørdagskveld. 
Det har vært nokre fine, men samtidig travle dagar sidan sist.

Torsdag var eg og Elise på lang trilletur i nydelig vintervær rundt om i Sogndal, før me avslutta turen med lunsj på cafè prego.
Det var deilig etter å ha gått lenge i 7 kalde minusgrader. 
Etter å ha kost oss med Elise og vesle Noah reiste me på koselig besøk til Leah si oldemor.
Der var me ein liten times tid før me reiste heim på Kjørnes der middag med familien venta. Koselig avslutning på ein veldig fin dag ♡

Fredag var det tid for babykino. 
Me såg 'staying alive', som er ein ny norsk film. Eg tykte den var veldig bra, men tykte den slutta litt rart.
Linn Skåber er berre rå, og gjorde heile filmen tykte eg.
Nok om det.
Etter kinoen var det på ny klart for å besøke café prego, der me omtrent okkuperte halve cafeen med alle barnevognene våres.
8 mødre og like mange babyar koste seg med deilig mat og koselig selskap.
Etter dette vart det litt shopping og nokre ærend før det var på tide å ta helg.

I dag har Rune hatt fri, og me har rydda, vaska og styrt på i nesten heile dag. 
No er me benka i sofaen med homeland på netflix. *hekta*

Bildene er fra trilleturen på torsdag.







Ha ein nydelig lørdagskveld alle! ♡

T.

4 kommentarer:

  1. Høyres ut so di ha da so plommen i egget. :-) Og so søt liten bjørn!
    Eg elska Linn Skåber!! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ein nydelig liten bjørn har me ♡
      Linn Skåber e morsom! :D

      Slett
  2. Va ein kjempe fin trilletur - må gjerast fleire ganger! :D Og koseleg med kino =) Sia eg ikkje får gått på kino so ofte no so bryr eg meg ikkje om so mykje ke eg ser, så lenge eg får gå på kino :p

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, da må gjentas snart :)
      Kino var og er kjempekoselig ♡

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡