lørdag 25. april 2015

1 år

Akkurat no. På minuttet, so er det nøyaktig 1 år siden du kom til verden.
Det er så uvirkelig og rart, for det føles som i går. Dette året har gått så fort.

Etter (nesten) 9 månader, og ein fin, litt vond og passe lang fødsel låg du plutselig på brystet mitt.
Så liten og skjør. Og så vakker og god.

Eg har aldri før følt meg så usikker, sliten, og bekymra. Men samtidig har eg aldri følt meg tryggare, stoltare og lykkeligare.

Du har gjort so mykje med meg. 
Du har lært meg om alt det kroppen kan klare.
Fødsel. Amming. Melkespreng. Brystbetennelse. Soppinfeksjon. Lite søvn. Enda mindre søvn. 
Og ikkje minst, så har du lært meg og vist meg all den kjærligheiten ein kan få for ein så liten menneskekropp.
Eg ville ha gjort kva som helst for deg, og eg vil alltid gjere alt eg kan for at du skal ha det bra, være lykkelig og føle deg elska.

Du gjere meg så stolt. Eg føler meg berre stoltare og stoltare for kvar milepæl du når. Det første smilet. Den første latteren. Når du rulla fra rygg til mage, og tilbake igjen. Når du satt aleine. Fekk di første tann. Åla deg framover. Sto på alle 4. Gjekk dine første skritt med støtte fra oss. Når du sa mamma, pappa, best (besten/besta), ball og der! 

Når eg ser deg med andre blir eg så stolt at eg nesten blir rørt. Tenk at eg har fått være med på å skape det vesle underet som du er.

Eg er så takknemlig for at eg får være mammaen din.

GRATULERA MED DAGEN VESLE VENN!
Eg elska deg til månen og tilbake.





fredag 24. april 2015

1 års dag like rundt hjørnet

Det har vært litt stille her ei stund no, og det skuldast ganske enkelt travle dagar.
Me har farta litt rundt, eg har vore på jobbintervju, og sist men ikkje minst so har eg styra med den store 1 års dagen som er i morgon allerede!

Som eg har nevnt tidlegare, så vil heilt sikkert fleire meine at eg har "tatt litt av".
Men ein fyller jo 1 år berre ein gong, og i år har eg hatt moglegheita og tid til å styre litt med dette.
Neste bursdag er det ikkje sikkert at eg får tid og muligheit til det. Eg vil jo tru at kvardagen blir hakket meir travelt med barnehagejente og jobb på både meg og Rune.

No er fredagstacoen som vanlig inntatt, og både eg og Rune sitte med beina godt planta i sofaen.
Travelt med bursdag gitt!

Legger ved nokre bilder av bursdagsinvitasjonen og bursdagskruna.
Fleire detaljer kjem seinare.




Ha ein fin fredagskveld!

T.

tirsdag 14. april 2015

Barselvarsel og harryhandel

Noken tar mamma og pappapermisjonen i USA. 
Me tar den i Østfold og på harryhandel i Sverige.
Og eg trivst veldig godt med akkurat det.

Me har rekt mykje på få dager, og eg har sett så og sei all familien min her nede.
Me har også fått handla ein del, og på søndag var me i Sverige.
Her vart det handla klær til liten og stor, interiør og ikkje minst barnemat og vaskemiddel. Eg hamstra! 
Det er ein god del billigare i Sverige, og eg lika jo eit godt tilbud og ein unnskyldning for å kunne handle. *knis*

Eg elska å gå og handle i matbutikkar, spesielt når eg er i utlandet der dei gjerne har varer ein ikkje får i Norge.
Kunne sikkert ha gått der i timesvis!

Samme kveld vart det grilling hos ei av kusinene mine. Veldig veldig koselig! 

Ellers har det blitt litt meir handling, og mykje tid med familien.
Leah har ikkje sett oldemora si siden dåpen, så det er nok litt stas å få tilbringe litt tid ilag.

I måro skal me prøve å få tatt turen til badeland i Sarpsborg, første gang Leah er i badebasseng. Det blir gøy! 

Ellers hadde eg og Rune 10 års jubileum i går. Tenk så fort tiden går!
Heldig som har han i livet mitt, og  så takknemlig for at han er pappa til jenta vår. 





Ha ein fin kveld! 


T.








lørdag 11. april 2015

Mini ferie

Da var me på farten mot østlandet og Rygge.
Ein aldri så liten mini ferie, og det skal bli digg.
I morgen blir det harryhandel i Sverige og grilling med søskenbarna mine.
Gleda meg :D


Lunsj på Gol.



Ha ei fin helg! 


T. 

onsdag 8. april 2015

Påsken del 2

Så var påsken over for denne gang.
Den forsvant fort, men jammen rakk me mykje iløpet av dagane.

Me har hatt mykje koselig besøk her heime, hatt fine dagar på hytta, vært mykje ute i friluft, og avslutta det heile med koselig lunsj og trilletur på Barsnes hos eit vennepar av oss som har ein liten prins på snart 6 mnd.

Det har også blitt tid til nokre små oppussingsprosjekt her i heimen, men det får eg komme tilbake til seinare.

Til helga tar me med oss mamma og reiser østover til familien min der.
Eg gleda meg sånn!
Det blir første gangen Leah reiser dit, og eg har ikkje vært der siden eg var 4 månader på veg. Og det begynna jo å bli ei stund siden..


Ønsker deg ein fin onsdagskveld videre- her venter loppekassa.




T.





















torsdag 2. april 2015

Påsken del 1

Hei på deg!

Håper du har hatt ein strålande påske so langt med dine nære og kjære.

Me har hatt ein heilt super påske hittil, og har rekt over så mykje.
1 års fotografering er vel overstått, me har pussa opp tv-stova og har fått ny belysning utendørs (akkurat den jobben sto lillebror/elektrikaren for).
Ho mor har fått tid til litt eigenpleie, og me har hatt masse koselig besøk.

I går reiste me på hytta på Filefjell, og skal kose oss her fram til søndag. 
Skal fortelle meir om siste del av påsken- samt vise fram tv-stova seinare.

Nedenfor kjem nokre bilde av påsken så langt.





No venter brettspill og påskegodt med familien.
Håpar alle får ein fortsatt fin påske! 

T.