tirsdag 14. april 2015

Barselvarsel og harryhandel

Noken tar mamma og pappapermisjonen i USA. 
Me tar den i Østfold og på harryhandel i Sverige.
Og eg trivst veldig godt med akkurat det.

Me har rekt mykje på få dager, og eg har sett så og sei all familien min her nede.
Me har også fått handla ein del, og på søndag var me i Sverige.
Her vart det handla klær til liten og stor, interiør og ikkje minst barnemat og vaskemiddel. Eg hamstra! 
Det er ein god del billigare i Sverige, og eg lika jo eit godt tilbud og ein unnskyldning for å kunne handle. *knis*

Eg elska å gå og handle i matbutikkar, spesielt når eg er i utlandet der dei gjerne har varer ein ikkje får i Norge.
Kunne sikkert ha gått der i timesvis!

Samme kveld vart det grilling hos ei av kusinene mine. Veldig veldig koselig! 

Ellers har det blitt litt meir handling, og mykje tid med familien.
Leah har ikkje sett oldemora si siden dåpen, så det er nok litt stas å få tilbringe litt tid ilag.

I måro skal me prøve å få tatt turen til badeland i Sarpsborg, første gang Leah er i badebasseng. Det blir gøy! 

Ellers hadde eg og Rune 10 års jubileum i går. Tenk så fort tiden går!
Heldig som har han i livet mitt, og  så takknemlig for at han er pappa til jenta vår. 





Ha ein fin kveld! 


T.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡