lørdag 13. februar 2016

Babyshower

Sist lørdag vart eg overraska av ein hærlig jentegjeng som hadde arrangert babyshower for meg.

Me var på veg for å møte mamma og pappa på café, før turen skulle gå videre til bursdagselskapet til Leah si kusine.
Men så langt kom me ikkje.
Rune svinga ikkje av der han skulle, og eg satt som eit stort spørsmålstegn i bilen. Han nekta å sei noke, og når me nærma oss ei venninne sitt hus begynte eg å ane kva som var i gjære.
Venninner, svigerinner og mamma var på plass- og dei hadde pynta, baka og ordna så fint.

Lillebror fekk så utruleg mykje fint. Me er heldige som har så mange fine folk rundt oss!



Har ikkje bilder av alt det fine lillebror fekk, men over ser det litt av det.


Ha ein fin kveld!

T.




torsdag 4. februar 2016

Teppe til lillebror

Når eg gjekk gravid med Leah hekla eg eit teppe til ho, først og fremst brukt som vognteppe.
Eg har jo knapt rørt eit garnnøste siden barneskulen, så det har i ettertid vist seg at mine kunnskapa om trådfesting var svært så mangelfulle.
Leah sitt teppe har omtrent gått i oppløsning, og er levert til mamma for nødvendig førstehjelp.

Eg har lært, og når eg no skulle lage eit likt teppe til lillebror, så vart trådene festa så godt som dei kan bli festa.

Fargevalget falt på litt mørkare blå, grått og kvitt. Eg har funne ut at det er desse fargetonane eg likar best, og har kjøpt inn veldig lite i lyseblått.
Sjølv om lyseblått er veldig søtt, sjå berre på bamsen til lillebror:




No skal eg prøve å få unnagjort litt før eg skal til jordmora.
Ha ein fin dag!

T.

tirsdag 2. februar 2016

Gravid veke 32

 ♥ Termin: 30.03.2016


♥ Stjernetegn: væren


♥ På veg: 32 + 2


♥ Antatt lengde på babyen: 38 cm. CRL = 28 cm


♥ Antatt vekt på babyen: 1800 gram


♥ Kjønn: gutt


♥ Navn: Me har 4-5 navn på lista, og av dei har me 2 favoritt navn. 

Har sagt til elevane "mine" at dei må komme med navneforslag, og at navnet må begynne på bokstaven 'L'. Ganske morro å høyre dei engasjere seg, og komme med forslag :)


♥ Aktivitet i magen: Mykje aktivitet, spesielt på kveldstid. Nokre dagar er det ganske så rolig der inne i magehuset (men han vaknar alltid på kveldstid), mens andre dagar igjen er det full fest heile dagen. Akkurat no turnar han som berre det. Sparker langt opp mot ribbeina, så frykter det kan bli vondt etterkvart!


♥ Hodet festet: Nei. Han har hatt hovudet ned dei siste kontrollene, men det er nok tilfeldig. Trur han turner bra det inne.


♥ Innkjøp fra sist veke: Har blitt litt nytt også denne veka.

Har kjøpt ein del på kid, siden dei har salg påbarnevarer om dagen. Sengetøy, helseteppe, klutar og flanellklutar.

Har også kjøpt ei nydelig sparkebukse og litt andre småting.

Ellers har eg kjøpt litt til meg sjølv. Amme-bh, ammesalve, og litt diverse eg skal ha med meg på sjukehuset


♥ Plager: Bekkenløsning, kynnere og  ligamentsmerter. 

Bekkenet blir verre og verre, og no er det vondt berre å snu seg i senga..


♥ Søvn: Sover heilt greit. Ofte våken, men sovner greit igjen. 

I dag har me faktisk fått levert ny seng, og eg kan ikkje vente med å legge meg! For oss som alltid har hatt 150 seng, så trur eg det blir luksus med 180 seng.


♥ Kynnere: Ja, har hatt det ei god stund no, og dei blir hyppigare og hyppigare.


♥ Neste kontroll: Veke 32- no på torsdag.


♥ Sjukehusbag: Har ikkje pakka den, men har begynt å handle inn litt av det som skal være med.


♥ Cravings / matlyst:Litt dårlegare matlyst den siste veka. 


Litt av innkjøpa mine siden sist: 



Ha finfin kveld! 


T.


onsdag 27. januar 2016

Gravid veke 31, og hei igjen!

Hei igjen!

Ettersom det er over 8 månader sidan sist eg skreiv noke her, så har eg lurt på om eg skal slette heile greia.
Men det har blitt med tanken.
Det har vært litt morro å kunne sjå tilbake på graviditeten med Leah, og korleis me hadde det etter å ha flytta heim igjen.

Og det er grunnen til at eg no velger å skrive igjen.
At eg kan sjå tilbake seinare, og at eg no kan sammenligne denne graviditeten med den forrige!

Tenk at eg allerede er 31 veker på veg med lillebror!
Denne gangen går tiden ekstremt fort! Det føles som i går at eg fant ut at eg var gravid for andre gang.

Sist eg var gravid begynte eg å skrive "oppdateringar" om graviditeten i veke 31, og da passar det kanskje godt med ein ny oppdatering no.

 ♥ Termin: 30.03.2016


♥ Stjernetegn: væren


♥ På veg: 31+3


♥ Antatt lengde på babyen: 37 cm. CRL = 27,5 cm


♥ Antatt vekt på babyen: 1750 gram


♥ Kjønn: gutt


♥ Navn: Me har 4-5 navn på lista, og av dei har me 2 favoritt navn. Har blitt enige om å ikkje velge før me har fått helse på lillebror.


♥ Aktivitet i magen: Mykje aktivitet, spesielt på kveldstid. Lillebror er nok litt roligare enn Leah sånn generelt sett, men når han først setter i gang er det full fest!


♥ Hodet festet: Nei. Han har hatt hovudet ned dei siste kontrollene, men det er nok tilfeldig. Trur han turner bra det inne.


♥ Innkjøp fra sist veke: Har kjøpt mykje dei siste vekene. Klær både i ull og i bomull, vognpynt,stellematte og babygym. Har også bestilt ein nydeleg uro på nettet fra USA som eg gleder meg til å vise fram. 


♥ Plager: Bekkenløsning, kynnere, ligamentsmerter og halsbrann. Generelt meir plager no enn sist gang. 


♥ Søvn: Sover heilt greit. Ofte våken, og det skyldes vel ein god miks av Leah som er våken, at eg må tisse, ikkje finner ein god stilling osv.

Drømmer merkelige og livlige drømmer!


♥ Kynnere: Ja, har hatt det ei god stund no. 


♥ Neste kontroll: Veke 32


♥ Sjukehusbag: Har ikkje pakka den, men veit det meste som skal være med. Har kjøpt inn eit par ting.


♥ Cravings / matlyst: Generelt karbo sug. Varierande matlyst. Som sist frister taco og spagetti lite.


Eit lite bilde tatt i kveld. 
Magen sitter kanskje litt høgare denne gangen, og er kanskje bittelitt større enn med Leah?

Her er veke 31 når eg gjekk med Leah:
http://lillehjerterom.blogspot.no/2014/03/gravid-veke-31.html?m=1

Ha ein fin kveld!