onsdag 27. januar 2016

Gravid veke 31, og hei igjen!

Hei igjen!

Ettersom det er over 8 månader sidan sist eg skreiv noke her, så har eg lurt på om eg skal slette heile greia.
Men det har blitt med tanken.
Det har vært litt morro å kunne sjå tilbake på graviditeten med Leah, og korleis me hadde det etter å ha flytta heim igjen.

Og det er grunnen til at eg no velger å skrive igjen.
At eg kan sjå tilbake seinare, og at eg no kan sammenligne denne graviditeten med den forrige!

Tenk at eg allerede er 31 veker på veg med lillebror!
Denne gangen går tiden ekstremt fort! Det føles som i går at eg fant ut at eg var gravid for andre gang.

Sist eg var gravid begynte eg å skrive "oppdateringar" om graviditeten i veke 31, og da passar det kanskje godt med ein ny oppdatering no.

 ♥ Termin: 30.03.2016


♥ Stjernetegn: væren


♥ På veg: 31+3


♥ Antatt lengde på babyen: 37 cm. CRL = 27,5 cm


♥ Antatt vekt på babyen: 1750 gram


♥ Kjønn: gutt


♥ Navn: Me har 4-5 navn på lista, og av dei har me 2 favoritt navn. Har blitt enige om å ikkje velge før me har fått helse på lillebror.


♥ Aktivitet i magen: Mykje aktivitet, spesielt på kveldstid. Lillebror er nok litt roligare enn Leah sånn generelt sett, men når han først setter i gang er det full fest!


♥ Hodet festet: Nei. Han har hatt hovudet ned dei siste kontrollene, men det er nok tilfeldig. Trur han turner bra det inne.


♥ Innkjøp fra sist veke: Har kjøpt mykje dei siste vekene. Klær både i ull og i bomull, vognpynt,stellematte og babygym. Har også bestilt ein nydeleg uro på nettet fra USA som eg gleder meg til å vise fram. 


♥ Plager: Bekkenløsning, kynnere, ligamentsmerter og halsbrann. Generelt meir plager no enn sist gang. 


♥ Søvn: Sover heilt greit. Ofte våken, og det skyldes vel ein god miks av Leah som er våken, at eg må tisse, ikkje finner ein god stilling osv.

Drømmer merkelige og livlige drømmer!


♥ Kynnere: Ja, har hatt det ei god stund no. 


♥ Neste kontroll: Veke 32


♥ Sjukehusbag: Har ikkje pakka den, men veit det meste som skal være med. Har kjøpt inn eit par ting.


♥ Cravings / matlyst: Generelt karbo sug. Varierande matlyst. Som sist frister taco og spagetti lite.


Eit lite bilde tatt i kveld. 
Magen sitter kanskje litt høgare denne gangen, og er kanskje bittelitt større enn med Leah?

Her er veke 31 når eg gjekk med Leah:
http://lillehjerterom.blogspot.no/2014/03/gravid-veke-31.html?m=1

Ha ein fin kveld!