lørdag 13. februar 2016

Babyshower

Sist lørdag vart eg overraska av ein hærlig jentegjeng som hadde arrangert babyshower for meg.

Me var på veg for å møte mamma og pappa på café, før turen skulle gå videre til bursdagselskapet til Leah si kusine.
Men så langt kom me ikkje.
Rune svinga ikkje av der han skulle, og eg satt som eit stort spørsmålstegn i bilen. Han nekta å sei noke, og når me nærma oss ei venninne sitt hus begynte eg å ane kva som var i gjære.
Venninner, svigerinner og mamma var på plass- og dei hadde pynta, baka og ordna så fint.

Lillebror fekk så utruleg mykje fint. Me er heldige som har så mange fine folk rundt oss!



Har ikkje bilder av alt det fine lillebror fekk, men over ser det litt av det.


Ha ein fin kveld!

T.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡