torsdag 4. februar 2016

Teppe til lillebror

Når eg gjekk gravid med Leah hekla eg eit teppe til ho, først og fremst brukt som vognteppe.
Eg har jo knapt rørt eit garnnøste siden barneskulen, så det har i ettertid vist seg at mine kunnskapa om trådfesting var svært så mangelfulle.
Leah sitt teppe har omtrent gått i oppløsning, og er levert til mamma for nødvendig førstehjelp.

Eg har lært, og når eg no skulle lage eit likt teppe til lillebror, så vart trådene festa så godt som dei kan bli festa.

Fargevalget falt på litt mørkare blå, grått og kvitt. Eg har funne ut at det er desse fargetonane eg likar best, og har kjøpt inn veldig lite i lyseblått.
Sjølv om lyseblått er veldig søtt, sjå berre på bamsen til lillebror:




No skal eg prøve å få unnagjort litt før eg skal til jordmora.
Ha ein fin dag!

T.

2 kommentarer:

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere ♡