mandag 31. mars 2014

Gravid veke 35

♥ Termin:
06.05.2014

♥ Stjernetegn:
Tyren

♥ På veg:
35+2

♥ Antatt lengde på babyen:
42,5 cm. CRL = 31 cm

♥ Antatt vekt på babyen:
2500 gram

♥ Kjønn:
jente

♥ Navn:
Har 2-3 favorittnavn, og kikker fortsatt rundt etter fleire.
Ingenting blir bestemt før vesla er født :)

♥ Aktivitet i magen:
Mykje aktivitet. Spesielt på kveldstid :)

♥ Hodet festet:
Ho har lagt seg med hodet ned, og eg trur ho kan ha festa seg, men er langt fra sikker!
Får nok ikkje vite dette før neste time hos jordmor.

♥ Innkjøp fra sist veke:
Har kjøpt ei lita tynn bomullslue til å ha under lua i hentesettet, samt ein wallsticker til barnerommet og ein pakke med små bleier. Det nærmer seg med stormskritt, og det aller meste er i hus.
Men litt små innkjøp her og der blir det nok :)

♥ Plager:
Bekkenet er verre, og eg merker dette veldig godt når eg går eller står lenge.
Har også periodar med sinnsjuk kløe på magen og puppane.
Dette er normalt, og skyldast at huden strekker seg, og hormonforandringar.

♥ Søvn:
Det er umulig å finne ein god stilling om natta, så det blir mykje vriding og vending natta gjennom.
Har også begynt å få veldig vondt i ryggen om natta, og eg på do fleire ganger i løpet nattes timane.
♥ Kynnere:
Kjenner det veldig fort når eg går. Må da stoppe opp litt før eg kan fortsette.

♥ Neste kontroll:
Neste kontroll er hos jordmor, og er på mandag i neste veke. Den dagen skal vi også på fødselsforberedande kurs- blir spennande :)
Tirsdag skal eg til kontroll på KK (pga. studien eg deltar i).
♥ Sjukehusbag:
Har begynt å pakke den, men noken innkjøp gjenstår.
Har også pakka litt til vesla :)

♥ Cravings / matlyst:
Søtsug. Blir fort tørst, og har ei vannflaske lett tilgjengelig.






Ha ei fortsatt fin veke alle sammen! :)
 

søndag 30. mars 2014

Relaxed mama



For noken deilige daga dette har vært!
Til bursdagen min i fjor fekk eg gavekort fra ein vennegjeng på Wahwah-eit velvære senter her i Bergen. Og no når eg e høggravid må jo anledningen vera perfekt for å unna seg litt pleie og velvære?
Så på fredag var eg på Wahwah, og fekk først noko som heiter wahwah nirvana- der bada eg rett og slett i eit stort badekar med avslappande dufter og dempa belysning i 30 min. Fantastisk!
So venta 60 min med fotpleie. Detta e noke alle gravide bør unna seg i løpet av svangerskapet- utrule deilig med mjuke og velstelte bein.

Etter dette var eg så avslappa at kunne ha sovna ståande :)

Etter ein koselig middag med Rune i byn hadde eg time hos min faste frisør, Marte hos CC dame. Og her vart eg sittande dei neste 3 timane.
Eg hadde ikkje plana om så altfor mykje forandring, men jammen vart det ny sveis lell!
Eg har blitt veldig mørk i bunn, og lysare utover i tuppane. Blond ombre heite det visst :)

Veldig veldig uvant, men eg venner meg vel til det og.

Så no føler eg meg fresh og avslappa, og håper den følelsen kan holde ei stund til :)

I går fekk og og Rune (for det meste Rune) unna ein del i huset før eg reiste på jentekveld hos Elise.
Ein veldig veldig koselig kveld med god mat og masse babyprat :) Vesla i magen har vært litt beskjeden, men i går fekk både Elise og Rigmor kjenne spark. Stor stas :)

I dag skal vi slappe av, gå ein tur, grille og få med oss seriestarten i tippeligaen.
Stao no pao!

Alt i alt, ei perfekt helg ♡


Over og under:
Wahwah



Over og under:
Før og undervegs hos frisøren



Her ser de nye sveisen min :)
Fortsatt litt usikker, men morro med litt forandring :) 

fredag 28. mars 2014

Babynest / Hjertenest ♡


Da eg fant ut at eg var gravid tok det ikkje lang td før eg begynte å leite etter inspirasjon på instagram- det er jo så mange fine bilder der ute, både av barnerom,  utstyr, klær osv.

Ein av tinga eg kjapt fant ut at eg ville ha var eit babynest. Eit lite rede som den lille kan sove trygt og godt i.
Ein liten baby er jo vandt til trange omgivelser der inne i magen, og den plutselige forandringa til ein stor og ukjent verden kan gjere den lille litt usikker, og kanskje er det ikkje like lett å sovne like trygt som inne i magehuset?
Så eg trur at det å la vesla sove i eit babynest i senga si vil gjere ho både tryggare og roligare.

Tanken var å lage eit babynest sjølv, men eg innsåg kjapt at mine sy-kunnskapar ikkje strakk til.
Så etter litt leiting på instagram fant eg ei dyktig dame som laga heilt nydelige babynest.
Ho heiter Henriette Lehmann og kallar babynesta sine for hjertenest, og det er også navnet hennas på instagram (@hjertenest).
Eg anbefalar ho på det varmaste, og eg veit at lillemor vil stortrivast i hjertenestet sitt!









Eg har kjøpt eit hjertenest i fargane beige og dusrosa/gammalrosa.
Nestet kan snus og brukast på begge sider ♡

Gleder meg til å la vesla vår sove her om ikkje så altfor altfor lenge ♡♡

torsdag 27. mars 2014

vår

For noken fantastiske dagar me har hatt!!
Endelig er våren her,  det er berre så deilig.

Tirsdag vaska og rydda eg litt på verandaen, satte ut litt blomster og nøyt sola i solveggen.

Me er heldige og har sol på verandaen fra rundt kl.12 på dagen og heilt til det blir mørkt ute rundt 19.30 ein gang. Om sommeren har me sol heilt til den går ned!
Å, som eg gleda meg til sommaren! :)

Men først er det våren som skal nytast med frisk luft, sol i kjakane og ei god bok- i mitt tilfelle ei mamma bok♡







onsdag 26. mars 2014

Gravid veke 34- høggravid!

Eg seier det kvar veke, men tiden flyr virkelig!
I dag er eg 34+4 veker på veg, noko som betyr at eg er høggravid!
♥ Termin:
06.05.2014

♥ Stjernetegn:
Tyren

♥ På veg:
34 +4. Eg er høggravid i dag!

♥ Antatt lengde på babyen:
41 cm. CRL = 30 cm

♥ Antatt vekt på babyen:
2300 gram

♥ Kjønn:
jente

♥ Navn:
Vi diskuterer ofte navnefavorittane våres, men har ikkje bestemt noko.

♥ Aktivitet i magen:
Mykje aktivitet. Det er så fantastisk å ligge på sofaen om kvelden og sjå at magen beveger seg hit og dit. Tenk at der inne så ligger det ein mini versjon av meg og Rune ♥

♥ Hodet festet:
Ho har lagt seg med hodet ned, og eg trur ho kan ha festa seg, men er langt fra sikker!
Får nok ikkje vite dette før neste time hos jordmor.

♥ Innkjøp fra sist veke:
Har kjøpt litt klær heime i Sogndal, blant anna ei sparkebukse i str.56, og ei nydelig bukse i str. 74. Jenta har klær til ho nærmer seg 1 år! :p
Den kommande morfaren har kjøpt bilsete til barnebarnet sitt, og det er på plass i bilen allerede.
Har også kjøpt mange fine bøker til vesla den siste veka.

♥ Plager:
Bekkenet er verre, og eg merker dette veldig godt når eg går eller står lenge.
Har litt halsbrann, men er mykje bedre enn tidligare i svangerskapet.
Har også periodar med sinnsjuk kløe på magen og puppane. Dette er normalt, og skyldast at huden strekker seg, og hormonforandringar.

♥ Søvn:
Det er umulig å finne ein god stilling om natta, så det blir mykje vriding og vending natta gjennom.
♥ Kynnere:
Kjenner det veldig fort når eg går. Må da stoppe opp litt før eg kan fortsette.

♥ Neste kontroll:
Neste kontroll er i veke 36, da skal vi også på fødselsforberedende kurs :)
Denne veka skal eg også ein tur innom KK og studien eg deltar i.
♥ Sjukehusbag:
Har ikkje pakka den, men mykje ligger klart. Den blir nok pakka i nærmaste framtid.

♥ Cravings / matlyst:
Veldig søtsug. Blir fort tørst, og har ei vannflaske lett tilgjengelig.



Litt dårlig kvalitet på bildet, men dette er da meg 34 veker på veg heime på Kjørnes :)

tirsdag 25. mars 2014

kven er du?

Eg har jo etter kvart fått med meg at det er eit par sjeler der ute som er innom og leser her på bloggen min, og det tykkjer eg er stor stas! :)

Men eg blir jo veldig nysgjerrig på kven det er som er innom denne lille bloggen.
Så viss de vil så setter eg stor pris på om de legg igjen ein kommentar ein gang i blant :)

Og viss det er noko de vil eg skal blogge om så tar eg meir enn gjerne imot tips!


Så da håpar eg de gir lyd i fra dykk :)

Torill.

ny bil!

I helga var me heime i Sogndal ein tur.
Me ville ta ein siste tur heim før me blir 3, men først og fremst skulle me heim å hente nye bilen vår :D

Me har ikkje hatt bil siden me budde heime i Sogndal, og det er jo no snart 7 år siden.
Me har igrunn klart oss fint uten bil, siden kollektiv tilbudet er såpass bra her i Bergen.
Men no når ei lita frøken snart melder sin ankomst såg me behovet for bil.
Me har derfor siden før jul vært på utkikk, og har prøvekøyrt ein rekke bilar.

Valget falt til slutt på ein Scoda Octavia stasjonsvogn 2014 modell- heilt ny fra fabrikken!
Det aller viktigste for oss var å få ein bil med god plass til barnevogn, barnesete og baggasje, som i tillegg var trygg å køyre for store og små.
I Scoda føler me at me får veldig mykje for pengane i forhold til kva ein får hos tilsvarende konkurrenter.
Me har valgt den nest dyraste utstyrspakken med litt ekstra utstyr, og har allikevel fått ein veldig bra pris i forhold til kva f.eks ein tilsvarende volkswagen hadde kosta oss.

Me valgte å kjøpe bil heime da me på sikt ønske å flytte tilbake til heimtraktene.
Her kjenner me forhandlarane, og har fått ein upåklagelig god service!
Så alt i alt er me veldig fornøgde med valget vårt!

Og det var nok ein aldri så liten stolt mann som køyrde den flekk nye bilen sin på jobb i dag :)
Ein liten guttedrøm å eige ein heilt splitter ny bil trur eg. Og eg må jo innrømme at eg tykkjer det er stas eg også!  :)







So no er det aller meste klart, og vesla kan snart komme! 
Litt småting skal ordnast, eg har fortsatt litt små prosjekt på gang. 
Og så må eit hav av babykle vaskast, strykast og brettast ♡

onsdag 19. mars 2014

Pensum for gravide

Som gravid og førstegangs fødande er det mykje ein skal sette seg inn i.
Eg trudde eg hadde noko lunde kunnskap om det å gå gravid, fødselen og barseltiden.
Men det er nok mykje ein ikkje tenker over før ein har blitt gravid.

Eg har eit par venninner som har fått barn, mamma og ei flink jordmor som gledelig deler sin kunnskap. Men alle svangerskap er jo ulike, og sjølv om råd og tips mottas med takk så vil eg gjerne sette meg grundig inn i det kroppen min går igjennom no undervegs, og ikkje minst det den skal gå igjennom under fødselen.
Ein blir vel aldri heilt forberedt på det som venter, men eg veit at eg vil føle meg mykje tryggare i ein  ny og ukjent situasjon viss eg har fått forberedt meg litt først.

I tillegg til at vi skal på fødselforberedende kurs, så vil eg sjå litt på videoar av ulike fødestillingar, øve litt på pusteteknikkar, forsøke å forberede meg mentalt og lese om det som omhandler fødsel og barseltid.

I ein jungel av lesestoff har eg kjøpt/fått/lånt eit utvalg bøker, og er no i gang med å lese meg opp på det som måtte vente.
Eksamen er ikkje langt unna, så her må det lesast!






Ha ein fin kveld videre! ☺:)



lørdag 15. mars 2014

Gravid veke 33


Det er lørdag, og ei ny svangerskapsveke er over.
Eg er no 33 veker på veg.
Tiden flyr, samtidig som det føles som om ein evigheit til termin!

♥ Termin: 06.05.2014

♥ Stjernetegn: Tyren

♥ På veg: 33

♥ Antatt lengde på babyen: 39 cm. CRL = 29 cm

♥ Antatt vekt på babyen: 2100 gram. På UL på onsdag (32+4) estimerte dei vekta hennas til 2137 gram. Det er litt større enn gjennomsnittet, men godt innafor normalen.

♥ Kjønn: jente

♥ Navn: Vi har fortsatt 2-3 favoritt navn. Har blitt enige om å ikkje velge før vi har fått helse på vesla.

♥ Aktivitet i magen: Veldig aktiv lita frøken.
På UL på onsdag var vesla så aktiv at legane måtte avslutte undersøkelsen før dei hadde fått tatt alle bildene sine.
Ho var rett og slett så aktiv at dei ikkje fekk gjort jobben sin :p  

♥ Hodet festet: Ho har lagt seg med hodet ned, men har ikkje festa seg enda. I følge legen på KK er det alikevel ikkje fare for at ho snur seg igjen. 

♥ Innkjøp fra sist veke: Har kjøpt babycall, stelleveske, ein body, og to sokkepar.
Til meg sjølv og sjukehusbagen har eg kjøpt bagen eg skal bruke som sjukehusbag, morgenkåpe, mjuke deilige sokkar, og litt toalettsaker :)
Ellers er mamma og pappa på besøk denne helga, og dei har med seg senga som dei har kjøpt til vesla heime i Sogndal. Gleder meg til å montere den ♥

♥ Plager: Er veldig plaga med bekkenet når eg har mykje på tapetet.
Blir fort sliten, og har behov for fleire pauser i løpet av dagen.
Magen føles ikkje kjempestor, men den vokser heilt klart.
Begynner å få problem med å ta på meg støvler og støvletter. Joggesko og ballerina sko er det beste :)

♥ Søvn: Har problem med å finne gode stillinger om natta, og vrir meg mykje.
Har heilt klart behov for meir søvn no enn tidligare.
Drømmer dei sjukaste drømmane. Fantasiane er det ingenting i vegen med!
 
♥ Kynnere: Kjenner det når eg går. Må da stoppe opp litt før eg kan fortsette.

♥ Neste kontroll:
Neste kontroll er i veke 36, da skal vi også på fødselsforberedende kurs :)
 
♥ Sjukehusbag: Har fortsatt ikkje pakka den, men har kjøpt bagen eg skal bruke som sjukehusbag da eg ikkje hadde noko fra før. Fant ein fin Lycke bag på salg :)
Har også kjøpt meg morgenkåpe, og litt toalettsaker som skal være med.

♥ Cravings / matlyst: Søtsuget er tilbake. Har fortsatt dårlig middagslyst.
 
 

 
 
Over: Sjukehusbagen fra Lycke
Under: Stelleveska som matcher vogna vår fra Brio. Stor takk til Mie som fikk sendt denne til meg fra Førde, når alle butikkar i Bergen, Stavanger, Voss og Sogndal var utsolgt,



Over: Senga til lillemor ♥
Det skal også være beskyttelseskant og sengehimmel på den.
 
 
Da var de oppdatert:)
God helg alle sammen!

fredag 14. mars 2014

Appelsinkake

Lyst å lage noke godt i helga?
Da vil eg anbefale deg å teste ut appelsinkake :)
Eg kom over oppskrifta på www.godt.no, og vil gjerne anbefale den videre.
Denne kaka er både saftig, frisk og god.

Oppskrifta er som følger:

3 egg
100 gr sukker
1 dl nøytral olje
0,5 dl appelsinjuice
2 stk appelsin (riv det ytterste skallet)
300 gr yoghurt
200gr kveitemjøl
2,5 ts bakepulver
2 ts vanilje sukker
1 ts salt

1. Rør sammen egg og sukker. Tilsett olje, revet appelsinskall og appelsin juice. Rør inn yoghurten.
2. Sikt det tørre sammen, og bland det i den flytende blandingen. Rør til det ikkje er klumper.
3. Hell røra i ei smurt/bakepapirkledd brødform eller i ei formkake form som rommer 1,5 liter.
4. Sett i ovnen ved 180 grader i 50-60 minutter.

Avkjøl og pynt med melis som du har blanda ut med appelsinjuice i stedet for vann.

Nyyt! :)




Beklaga dårlig bilde, men bildet vart tatt litt i hurten og sturten tidlig ein morgenkvist før Rune tok kaka med seg på jobb. Og der forsvant den visst ganske fort :)

tirsdag 11. mars 2014

Gravid veke 32


Og vips så var nok ei svangerskapsveke forbi, og eg er i veke 32 av svangerskapet.
No nærmar det seg mai og fødsel med stormskritt.
Fantastisk, spennande, skummelt og alt på ein gang :)


♥ Termin: 06.05.2014

♥ Stjernetegn: Tyren

♥ På veg: 32+3

♥ Antatt lengde på babyen: 38 cm. CRL = 28 cm

♥ Antatt vekt på babyen: 1800 gram

♥ Kjønn: jente

♥ Navn: Vi har fortsatt 2-3 favoritt navn. Har blitt enige om å ikkje velge før vi har fått helse på vesla.

♥ Aktivitet i magen: Mykje aktivitet. Morro å sjå når heile magen beveger seg, og bukter seg.

♥ Hodet festet: Ho ligger med hovudet ned, men eg trur ikkje ho har festa seg enda.

♥ Innkjøp fra sist veke: Har siden sist kjøpt stellekommode, kleskommode, og stol til å amme i.
Så av store innkjøp mangler vi no kun bilstol og babycall.
Har ellers kjøpt ei kjempeskjønn bukse, ein bomullsjakke, ein kjole, ei lue og litt småting :)

♥ Plager: Det er stort sett bekkenløsningen som plager meg. Merker også at eg fort blir sliten for tiden, og trenger fleire pauser i løpet av dagen. Magen veks, og det å f.eks bøye seg for å plukke opp ting er tungt. Heldigvis har eg ein fantastisk mann som hjelper meg når han kan ♥

♥ Søvn: Har problem med å finne gode stillinger om natta, og vrir meg mykje.
 
♥ Kynnere: Ikkje noko særlig plaga med det, men kjenner det litt når eg er ute og går.

♥ Neste kontroll: Var hos jordmor på mandag, og alt står bra til med både mor og barn :)
Siden eg har PCOS får eg ekstra oppfølging i svangerskapet. Eg deltar også i ein studie om PCOS og graviditet. Dette innebærer blant anna at eg får fleire utlralyder i løpet av svangerskapet enn det som er vanlig. I morgen står derfor UL på KK for tur :)

Neste kontroll er i veke 36, da skal vi også på fødselsforberedende kurs :)
 
♥ Sjukehusbag: Har ikkje pakka den, men har begynt å kjøpe inn. Har kjøpt 1 amme-bh (synest det er vanskelig å kjøpe mange i forkant, da eg ikkje veit kor store puppane mine blir etter fødsel), 2 deilige joggebukser, 1 t-skjorte og ein hettegenser. Skal legge ut bilde når baggen er klar :)

♥ Cravings / matlyst: Ikkje noko spesielt. Er ikkje så lysten på middag om dagen.
 
 
 
 
Over: My favorite view right now ♥
Under: Ser ikkje tærne mine lenger..
 
 
 
Over: Ein liten sniktitt på veslas rom, som stadig tar form ♥
Under: *smelt* Sett noke så søtt?
 
 
 
 
Så da har de fått siste nytt om meg og den lille :)
Ha ein fin tirsdag videre!
 
 
Torill.

tirsdag 4. mars 2014

Babyshower

Søndag var eg så heldig å bli overraska med babyshower av verdens beste venninner.
Eg skulle på besøk til Ninni, og møtte opp med fastelavensbolla som me skulle kose oss med mens me planla oppussing av leiligheiten hennas. Når eg kom inn i stova sto dei flotte venninne mine, klare til å overraske meg.

Eg hadde ingen forventninger om at jentene skulle arrangere babyshower for meg,  men på veg til Ninni hadde eg ein liten magefølelse om at noke var på gang.

Ninni og jentene hadde stelt i stand med cupcakes, frukt, cookies, chips og fastelavens bolla,  leiligheiten var pynta med ballonga, dei hadde laga bleiekake, og vesla fekk så masse flotte gaver!!

Tenk at eg er så heldig og har så mange flotte venninner ♡
Tusen tusen takk for ein fantastisk kveld,  og for alle dei nydelige gavene til lillemor ♡














Vesla fekk så masse fint, bildene over er berre eit utvalg av gavene. 
Jammen blir det ei snasen lita frøken ♡

lørdag 1. mars 2014

Gravid veke 31


Tiden flyr, og eg er allerede komt til veke 31 ♥
Tenkte å gi dykk ein aldri så liten statusoppdatering:


♥ Termin: 06.05.2014

♥ Stjernetegn: Tyren

♥ På veg: 31 veker

♥ Antatt lengde på babyen: 37 cm. CRL = 27,5 cm

♥ Antatt vekt på babyen: 1750 gram

♥ Kjønn: jente

♥ Navn: Vi har 2-3 favoritt navn. Har blitt enige om å ikkje velge før vi har fått helse på vesla.

♥ Aktivitet i magen: Mykje aktivitet, spesielt på kveldstid. Holder meg også med selskap når eg har problem med å sove på nattestid.

♥ Hodet festet: Nei. Ho snur seg og turner som berre det.

♥ Innkjøp fra sist veke: Har kjøpt ein nydelig kjole som ho skal ha på seg dåpsdagen (etter kyrkja). Har også bestilt litt på internett: tøfler, ein jakke og ei skjønn lue.

♥ Plager: Bekkenløsning og halsbrann.

♥ Søvn: Har problemer med å sovne. Våkner ofte, og finner ingen god stilling pga vondt bekken. Når eg først får sove har eg noken vannvittige drømmar!

♥ Kynnere: Ikkje noko særlig plaga med det.

♥ Neste kontroll: Veke 32

♥ Sjukehusbag: Har ikkje pakka den, men har begynt å lage meg ei liste på kva eg bør kjøpe inn.

♥ Cravings / matlyst: Veldig glad i kvikk lunsj om dagen. Har ikkje lyst på taco og spaghetti.






Ha ein finfin lørdag! ♥